At Bjørneparken brukar dyr i fangenskap til å teste jaktinstinkt hjå jakthundar, vekkjer reaksjonar.
At Bjørneparken brukar dyr i fangenskap til å teste jaktinstinkt hjå jakthundar, vekkjer reaksjonar.

Ansikt til ansikt med bjørnen

Bjørneparken nyttar bjørnane for å gje jakthundar trening. Det vekkjer reaksjonar.

Nyleg la Jakt- og fiskesenteret i Flå ut ein invitasjon på Facebook. Senteret tilbyr kursing av hundar og hundeeigarar. Ein del av opplegget er at hunden får stå ansikt til ansikt med ein levande bjørn.

Storm på sosiale media

Invitasjonen har skapt storm på Jakt- og fiskesenteret si facebookside. Ord som uetisk, skammeleg, usmakeleg og forkasteleg går att i kommentarfeltet. Organisasjonen Bygdefolk for rovdyr nøler ikkje med å kalle praksisen for dyreplageri.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trudde Bjørneparken skulle drive med informasjon om norske utryddingstruga rovdyr, ikkje trene opp hundar til å jakte på dei, skriv ein.

Folk reagerer på at Bjørneparken tenar pengar på å utsetje bjørnen for hundeglam og stress. Fleire tek til orde for boikott.

Kritisk dyrepassar

Ein av dei som uttalar seg kritisk, er fotograf, vassfarentusiast og bjørneven, Thomas Mørch.

Thomas Mørch med bjørnunge i Bjørneparken i Flå. (Arkivfoto)
Thomas Mørch med bjørnunge i Bjørneparken i Flå. (Arkivfoto)

– Eg ønskjer ikkje å øydeleggje for Bjørneparken. Men dette er ei hjartesak for meg, seier han. Mørch synest ikkje Bjørneparken er tent med å bruke dyra sine til å trene opp jakthundar.

– Det høyrest rart ut at Bjørneparken i Flå gjer ein innsats for å utrydde bjørn i Norge. Når dette blir marknadsført på Facebook, er det ikkje rart at folk reagerer. Det går ei grense når dei brukar levande dyr på denne måten. For Bjørneparken er dette som å skyte seg sjølv i foten, seier han.

Han håpar den nye sjefen i Bjørneparken tek hundetestinga opp til vurdering. – Han bør tenkje gjennom kva signal dette sender, seier Mørch.

– Vart meir aggressive

Mørch jobba sjølv som dyrepassar i Bjørneparken inntil for halvanna år sidan. Då hadde han eit særleg ansvar for bjørnane.

– Då eg jobba i parken, gjekk det nesten ikkje ein dag utan at gjester kom bort til meg og spurte om dette. Eg følte at eg måtte stå inne for noko eg ikkje meinte var rett, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sa du frå til leiinga?

– Ja. Dei bad oss om å seie at dette ikkje gjer at bjørnen blir stressa. Men det er drygt å kalle det aktivisering. Eg merka at bjørnane vart meir aggressive, særleg dei yngre bjørnane. Dei såg usikre og forvirra ut. Det var ikkje mykje glede i augo, seier han.