Då justisminister Per Willy Amundsen (Frp) skulle til Storefjell fredag, var berre NRK invitert. (
Då justisminister Per Willy Amundsen (Frp) skulle til Storefjell fredag, var berre NRK invitert. (

Amundsen ville berre ha NRK til Storefjell

Ingen andre media enn NRK fekk dekke det årvisse statsrådsbesøket på Røde Kors-sentralen på Golsfjellet fredag.

Fredag kom justisminister Per Willy Amundsen (Frp) til Gol i samband med opninga av operasjonssentralen på Røde Kors-hytta til Gol og Hemsedal Røde Kors Hjelpekorps.

Han var også til stades på ei beredskapsøving. Men dette besøket var det berre NRK som fekk dekke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eksklusivt

– Justisdepartementet ynskte å ta seg av all mediekontakt i samband med statsrådbesøket på Golsfjellet. Departementet ville at berre NRK skulle dekke besøket til Amundsen. Derfor er ingen andre media blitt invitert, heller ikkje Hallingdølen. Justisdepartementet ville at statsrådbesøket skulle vere ei eksklusiv NRK-sak, opplyser kommunikasjonssjef i Norges Røde Kors, Geir Arne Bore til Hallingdølen. Ifylgje Bore har Røde Kors ikkje blanda seg inn i Justisdepartementet si utveljing av media.

- Generelt kan eg si at det ikkje er uvanleg at berre deler av media blir invitert når det er snakk om statsrådbesøk og spesielle hendingar, seier Bore som legg til at Røde Kors gjerne skulle sett at andre medium også hadde vorte invitert til opninga på Golsfjellet. - 

– Beklageleg

At berre eitt medium vart invitert til opninga av informasjonssentralen på Golsfjellet, bryt med ein årelang tradisjon.

Justisminister Andrers Anundsen (t.v.) og president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv og dåverande Gol-ordførar Hallvor Lilleslett på Storefjell.
Justisminister Andrers Anundsen (t.v.) og president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv og dåverande Gol-ordførar Hallvor Lilleslett på Storefjell.
Justisminister Knut Storberget på Storefjell.
Justisminister Knut Storberget på Storefjell.
Justisminister Odd Einar Dørum på Golsfjellet. Her saman med dåverande lensmann Per Egil Garborg.
Justisminister Odd Einar Dørum på Golsfjellet. Her saman med dåverande lensmann Per Egil Garborg.

Redaktør i Hallingdølen, Embrik Luksengard, er overraska over haldninga til Justisdepartementet.

– Det er oppsiktsvekkjande at ein statsråd og eit departement på denne måten legg føringar for kven som skal få dekke besøket. Her snakkar me om aktuell informasjon i tilknyting til påska der Amundsen altså nektar store delar av pressa å vere til stades, seier Luksengard.

Han synest det er ekstra spesielt at lokalavisa blir avvist. Derfor blir det heller ikkje omtale av besøket og øvinga i Hallingdølen.

– Det er beklageleg for lesarane våre og Røde Kors, seier Luksengard, men legg til:

– Når det er sagt, har Hallingdølen mykje anna godt stoff i samband med påska. Faktisk fullt så interessant som omtale av Per Willy Amundsen.