To bilar har kollidert på Rv7 ved Satakroken i Ål.
To bilar har kollidert på Rv7 ved Satakroken i Ål.

Alvorleg skadd i møteulykke

To bilar kolliderte på Rv7 ved Satakroken i Ål torsdag føremiddag.

Det sat éin person i kvar bil. Den eine av desse er svært alvorleg skadd, ifølgje politiet. Vedkommande er frakta til Ullevål sjukehus i luftambulanse. 

Den andre personen er også hardt skadd og er sendt til Ringerike sjukehus. Båe bilane er norskregistrerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møteulykka skjedde i 11-tida, på ei rett strekke ved Kvelprud kafé. Politiet ønskjer å koma i kontakt med vitne til ulykka.

Rv7 blir stengt i fleire timar medan ulykkesgruppa til Statens vegvesen og krimteknikarar frå politiet undersøkjer staden.

Omkjøring for personbilar er skilta forbi ulykkesstaden. Lokale bussar får også nytte omkjøringsvegen.

Bilane kolliderte på ei rett strekke i Satakroken i Ål.
Bilane kolliderte på ei rett strekke i Satakroken i Ål.

Tyngre kjøretøy er bedne om å køyre Fv40 mellom Nesbyen og Geilo.