annonse

Alvorleg skadd etter utforkøyring med tankbil

Køyrde ut
Køyrde ut: Tankvogna har køyrd av vegen like ved Austvoll bru, heldt fram på innsida av ein jordvoll mot Rv7 og kolliderte i nokre tre. (Foto: Mona N. Stensvold)

Sjåføren av ein tankbil vart hardt skadd etter ei utforkøyring på Rv7 ved Austvoll-krysset i Flå.

Embrik Luksengard

Tankbilen køyrde av vegen i ein venstresving like før avkøyringa til Austvoll bru, og trefte nokre tre. Sjåføren sat ei god stund fastklemt i førarhytta.

- Mannen er no fri og er frakta vidare med luftambulanse, opplyser operasjonsleiar Marianne Mørch ved politiet sør-øst litt før klokka halv elleve.

Ifølgje politiet er han hardt skadd, men bevisst.

Kom sørfrå

Utforkøyringa skjedde ved Austvoll-krysset litt over klokka ni laurdag morgon. Tankbilen kom sørfrå og køyrde ut i ein venstresving. Tankebilen velta og førarhytta vart kraftig skadd.

Det rykte ut helsepersonell, brannmannskap og etter kvart tre politipatruljar.

Nødetatane konsentrerte seg om å få den fastklemte sjåføren fri. Det var ingen andre personar eller køyretøy involvert i ulykka.

Vegen opna

Riksveg 7 var ei stund heilt stengt, men ved halv elleve-tida vart vegen delvis opna att. Politiet melde ei stund om omkøyring via Austvoll bru, men denne brua har i fleire år vore stengt for biltrafikk.

Statens vegvesen gjorde undersøkingar på ulykkesstaden etter ulykka.

Laurdag kveld melde politiet på Twitter at tankbilen var tømd for væske (AdBlue). I 23-tida starta dei arbeidet med berging av tankbilen. Vegen var stengd i perioder gjennom natta medan arbeidet pågjekk. 

annonse