Illustrasjonsbilete frå Golsfjellet.

Hytteforbodet skal gjelde gjennom påska: - Trist, men nødvendig

Det blir ikkje lovleg å opphalde seg på hytter eller fritidseigedomar i påskeveka heller.

Det vart klart då regjeringa kom med ei oppdatering rundt dei ulike tiltaka mot koronaviruset tysdag ettermiddag.

– Det er trist, men heilt nødvendig, seier ordførar i Hemsedal, Pål Rørby.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er heilt klart letta. No kan me fortsette arbeidet for eigen befolkning, og dei gjestearbeidarane me har her.

– Skaff dykk gode spel

Det var på førehand knytt spenning til pressekonferansen som statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie heldt i dag, tysdag. Der skulle det kome ei avklaring på om dei strenge tiltaka som regjeringa innførte 12. mars skulle vidareførast.

Det vart tidleg klart at myndigheitene ikkje firar på noko, men fører vidare alle strenge tiltak.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Då det vart opna for ordet fritt etter innleiinga, fekk statsminister Solberg raskt spørsmål om hytteforbodet.

– Dette handlar om kommunane sin kapasitet til å handtere sjukdom i ein slik situasjon. Det me ikkje treng no, er eit hjelpekorps som må hjelpe folk med øydelagde bein i alpinbakkar og hjartestans på hytter. Eller at me får smittespreiing i ein kommune som kanskje berre har to legar, sa statsministeren.

– Me skal jobbe meir med spørsmålet rundt hytter, for å sjå kva som blir «policyen» framover. Men me må alle hugse at me er i ein heilt spesiell situasjon.

På spørsmål om kva melding ho har til dei som gjerne vil på hytta i påska, sa Solberg følgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skaff dykk gode spel. Lat som de er på hytta, men bli heime!

Ikkje noko skule

Alle skular og barnehagar skal framleis halde stengt. Det bekrefta statsministeren på pressekonferansen i dag..

– Det betyr nye veker med sterke avgrensingar på liva våre, seier ho.

Alle skular og barnehagar blir med det stengt i fleire veker, i første omgang fram til 13. april. Alle kulturarrangement og idrettsarrangement vil fortsatt vere forbode. Alle verksemder i serveringsbransjen skal vere stengt. Alle bør framleis unngå offentleg transport, og alle som har vore i utlandet skal rett i karantene.

Det vil framleis vere restriksjonar for å besøke helseinstitusjonar. Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling har ikkje lov til å reise til utlandet.

Det har også kome klare beskjedar når det gjeld korleis ein skal forhalde seg når ein er utandørs.

– Me bør ikkje vere meir enn fem personar i ei gruppe, når me er ute, sa helseminister Bent Høie på pressekonferansen.

Les også
Sparebank 1 Hallingdal Valdres senkar renta omgåande
Les også
Krev at ordførar og statsminister opnar pengesekken