Dette biletet er frå koronatesting i Ål rett etter nyttår.

Alle hurtigtestane var negative: – Veldig gode nyheiter

Alle nærkontaktane til personen som truleg er smitta av den britiske mutanten i Hemsedal er no testa. Alle prøvesvar kom att negative.

– Me meiner situasjonen akkurat no er under kontroll, sa kommuneoverlege Camilla Underland og resten av kriseleiinga torsdag ettermiddag.

Venta i spenning

Onsdag fekk Hemsedal kommune eit realt skremmeskot. Ein positiv koronaprøve vart knytt opp mot eit kjent utbrot av det britiske muterte viruset i ein annan kommune. Når det er snakk om denne mutasjonen, blir det ikkje tatt sjansar. Både nærkontaktar og deira nærkontaktar att vart sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag vart alle testa med hurtigtest. Det gjekk som kommunen hadde håpa på.

– Me må presisere at me likevel ventar på prøver som er sendt til laboratoriet. Desse vil me få svar på i morgon eller laurdag, seier Underland.

Ingen ekstra tiltak

At ein hurtigtest er negativ er ikkje nødvendigvis fasit, derfor blir det alltid tatt ein ordinær koronatest i tillegg. Men alt tyder på at kommunen har greidd å ramme inn smittetilfellet utan vidare spreiing.

– Dette er veldig gode nyheiter, seier Underland.

– Alle som skal vere i karantene er kontakta. Det er ikkje grunn til å mistenke at viruset har spreidd seg, og me ser ikkje at det er nødvendig å setje i verk strengare tiltak.

Les også
Truleg første tilfelle av det muterte viruset i Hallingdal

Den britiske virusmutanten er rekna som 40-70 prosent meir smittsam enn det «vanlege» koronaviruset. Men dei som blir smitta av mutanten ser ikkje ut til å bli meir sjuke. Det er dei vanlege tiltaka i samfunnet som fungerer også mot dei nye variantane av viruset, som det britiske og det sørafrikanske.