Det blir framleis testa mykje folk i Hol. Dette biletet er frå testing i Ål, tidlegare i år.

73 smitta i utbrotet: - Situasjonen er meir stabil no

Det store smitteutbrotet i Hol er enno ikkje over. Men det er i ferd med å roe seg.

73 personar har fått bekrefta koronasmitte i løpet av berre nokre veker. Det er det største utbrotet som har vore i Hallingdal, og Hol var såpass blodraud på smittestatistikken førre veke at dei var hardast råka i heile landet.

– God kontroll

Framleis testar folk positivt. Då Hallingdølen var i kontakt med kommuneoverlege Silje Koldal måndag, hadde talet på smitta auka til 73.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av desse er cirka to tredelar ikkje vaksinert.

– Vaksinering er altså framleis ein viktig ting å gjere for å verne seg, seier Koldal.

Les også
Innfører nye og strengare tiltak i Hol: No må folk gå i karantene

Ifølgje legen kjem det dagleg inn nye tilfelle, men alle er relatert til tidlegare kjente tilfelle.

– Eg oppfattar situasjonen som mykje meir stabil og oversiktleg no. Me har god kontroll på dei tilfella som kjem - det er stort sett kjente smittevegar, seier Koldal.

– Me er svært godt nøgd med at utbrotet ikkje har fått rotfeste mot sårbare grupper, som oppvekst og helsesektoren. Forskrifta har vore eit godt verkemiddel for å oppnå kontroll og sikre at det ikkje vart smittespreiing dit.

Vil vare ut veka

Hol såg seg nøydd til å innføre ei lokal forskrift for ei dryg veke sidan. Den seier at folk som er nærkontakt til ein smitta, må gå i karantene. Dei kan ikkje teste seg ut, men må halde seg heime og i ro.

Forskrifta gjeld til og med 5. november.

– Den blir vurdert kontinuerleg med tanke på når det er rett å oppheve ho, men truleg vil den vare ut veka, seier Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
61 smitta og fleire innlagt: No er Hol hardast råka i heile landet
Les også
Luftvegs-virus i barnehagar
Les også
28.500 kroner i prisforskjell
Les også
Forsvarer prispolitikken