19. januar 1979 vart den fyrste minibanken installert i eit hól i veggen til lokala i Aal Sparebank. F.v. dåverande EDB-fullmektig Gunvald Frydenlund og banksjef Thorleif Stave.
19. januar 1979 vart den fyrste minibanken installert i eit hól i veggen til lokala i Aal Sparebank. F.v. dåverande EDB-fullmektig Gunvald Frydenlund og banksjef Thorleif Stave.

40 år med minibank - var i tvil om det ville slå an

Ein «nustren» vinterdag for nøyaktig 40 år sidan spydde minibanken ut sin fyrste hundrings i Hallingdal.

Verdas fyrste minibank vart installert i ein av Barclays Bank sine filialar i London i 1967. Elleve år seinare tok også Sparebanken 1 SR-Bank, i Rogaland, i bruk ein slik høgteknologisk pengeautomat. I 1979, berre eitt år seinare, følgde hallingane etter. {{imageLeft}}

Skepsis og falske setlar

Det var ikkje det at dåverande banksjef Thorleif Stave ikkje hadde tru på teknologiske framsteg, men han var i tvil om minibanken ville slå an. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva tenkjer du om det, no i ettertid?

– Nei ... Det vart jo ein suksess, så klart. Viss minibanken var stengd, så ville folk heller vente til han opna att enn å ta ut pengar inne i banken. 

Eit teknisk vedunder

19. januar 1979 vart det slått hól i veggen inn til lokala i Aal Sparebank. Den engelske minibanken skulle få plass. Installasjonen gjekk etter planen, trass i framandspråkleg servicemann og tosifra minusgrader. Klokka 14.23 same dag gjorde Frydenlund det fyrste uttaket. Han tok ut ein beskjeden hundrings med bilete av Henrik Wergeland. 

Slik såg det fyrste minibankkortet ut. Det fungerte som «ein personleg nøkkel med magnetspor», som Hallingdølen skreiv i ein av fleire redaksjonelle saker om det tekniske vedunderet.
Slik såg det fyrste minibankkortet ut. Det fungerte som «ein personleg nøkkel med magnetspor», som Hallingdølen skreiv i ein av fleire redaksjonelle saker om det tekniske vedunderet.
Gunvald Frydenlund (for høvet i bankuniforma frå 1979) hentar fram minibank-tastaturet frå samlinga si. Thorleif Stave humrar.
Gunvald Frydenlund (for høvet i bankuniforma frå 1979) hentar fram minibank-tastaturet frå samlinga si. Thorleif Stave humrar.
Den fyrste minibanken vart fylt med hundrelappar med bilete av Henrik Wergeland. Seinare fekk også Camilla Collett innpass.
Den fyrste minibanken vart fylt med hundrelappar med bilete av Henrik Wergeland. Seinare fekk også Camilla Collett innpass.
Hallingdølen 19. januar 1982.
Hallingdølen 19. januar 1982.
Harald Flåm(f.v.), Gunvald Frydenlund, Thorleif Stave og Jostein Sørbøen mimrar over då minibanken kom til Hallingdal.
Harald Flåm(f.v.), Gunvald Frydenlund, Thorleif Stave og Jostein Sørbøen mimrar over då minibanken kom til Hallingdal.

– Minibanken var det fyrste tekniske vidunderet som køyrde digitalt, seier Frydenlund entusiastisk. {{imageLeft}}

Fram frå ein raudbrun og krakelert stresskoffert hentar han sjølvaste kvitteringa frå det fyrste uttaket – særs uleseleg, men trygt bevart i ei plastmappe. Så kjem originale hundrelappar i éi mappe, og grøne testsetlar i ei annan. Og sjølvsagt – det fyrste minibankkortet, komplett med stjerneforma makuleringshól. Han fiskar også fram ein eksklusiv kulepenn som for kvart trykk viser eit steg i dåtidas minibank-instruksjonar. På seg har han bankuniforma frå -79. 

Det vart jo ein suksess, så klart.

Wergeland på høgkant

Banksjef Staves skepsis skulle ikkje vare lenge. Minibanken vart fort populær. Brått kunne folk ta ut kontantar heile døgnet, til og med etter stengetid i banken. Dette gjaldt også dei som hadde lite å rutte med, for minibanken betalte ut pengar i forhold til beløpsgrensa i kortet. Han tenkte ikkje på om kontoen gjekk i minus. 

– Eg hugsar det var eit par som kom innom og prøvde seg etter å ha overtrekt kortet. Men då gjekk Gunvald gjennom alle utbetalingane i minibanken, og fann fort nok ut kva som stemte og ikkje, fortel Flåm. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den fyrste minibanken var veldig sikker, nemleg. Statistisk sett kunne han betale ut 100 kroner feil for kvar andre million. Men det var alltid til kundens fordel, smiler Frydenlund.

– Eg trur nærmast ikkje det skjedde nokon slik feil. Han gjekk så bra. Eg skjønar framleis ikkje kvifor me ikkje brukar han enno.

Alle minibankkundane hadde ei maksgrense på 2500 kroner i veka, og folk kunne ta ut så mykje som 2000 kroner i slengen. 

– Den fyrste utgåva hadde plass til berre hundrelappar. På det meste kom det altså 20 hundrelappar flagrande ut på høgkant, seier Frydenlund. {{imageLeft}}

Bankhistorisk museum

I ei rekkje annonsar i lokalavisa vart kundane minte på fordelane med denne «personlege nøkkelen med magnetspor». Kortet var spesielt kjekt kring påsketider då bankane elles var stengde. I 1981 vart det teke ut nær 14 millionar kroner på minibankkort i Hallingdal. 

– No skal eg fortelje noko moro, erklærer Frydenlund med jamne mellomrom. 

Resten av forsamlinga humrar, medan Frydenlund gong på gong forsvinn ned i kofferten for å fiske fram diverse historiske gjenstandar. Fram frå arkivet kjem mellom anna både eitt og fleire kort han har berga frå makulering. Og ikkje minst tastaturet frå Hallingdals fyrste minibank. Ein stålklump på heile 2975 gram. Den fekk Frydenlund i gåve då minibanken frå -79 gjekk i opplag. 

Den siste hundringsen

Sidan minibanken auka i popularitet, måtte han også etterfyllast stadig oftare. Difor var det i 1986 på tide å bytte han ut med ein større og meir moderne variant. Den hadde plass til fire typar setlar. 100, 200, 500 og 1000. Sidan den norske 200-lappen ikkje vart til før fleire år seinare, vart den nye minibanken fylt med berre to slag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gunvald nekta å fylle minibanken med tusenlappar, flirer Stave. 

– Kva har du i mot tusenlappar, Gunvald?

– Eg syntest det var altfor mykje pengar. Folk skulle jo ha lommepengar. I dag er det annleis – ein dreg berre kortet utan å tenkje seg om. Som ein namnlaus banksjef ein gong sa: «Det er lettare å få folk til å bruke pengar når dei brukar kort».       

9. september -86, klokka 13.13, tok Frydenlund ut ein siste beskjeden hundrings frå den fyrste minibanken. 18 år seinare vart minibanken flytta frå torget i Ål. Og du kan berre gjette kven som gjorde det siste uttaket. 

Han gjekk så bra. Eg skjønar framleis ikkje kvifor me ikkje brukar han enno.

Vipps, så er det over

Kring 1500 norske minibankar er framleis i drift. Men betalingsterminalar og nettløysingar gir stadig hardare konkurranse. 

– Kjem slike «smarte løysingar» til å ta heilt over?

– Kortbetaling er godt innarbeidd. Samstundes kan ein alt no i større grad betale med mobilen, og ting tyder på at den kjem til å overta meir og meir. Mange synest det er praktisk å betale med mobilen, sidan dei har meir eller mindre heile livet sitt der, seier Jostein Sørbøen. – Mange, inkludert ein del bankar, har ikkje kasse lenger. Det kjem nok til å ta ein del år før kontantane forsvinn, men det kjem til å skje gradvis etterkvart som dei digitale løysingane blir betre og betre, legg han til. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av berre tre år har tre av fire nordmenn tatt i bruk Vipps, der det etterkvart også vil kome gode løysingar for betaling i butikk - noko som førebels er avgrensa. Ifølgje Norges Bank utgjer setlar og mynt berre 2,3 prosent av den totale pengemengda i Norge.