20 nye smitta etter julebord - enda fleire i isolasjon

Som følge av julebord på Vasstulan 1100 sist helg, har 20 personar fått bekrefta koronasmitte berre det siste døgnet.

Det melder Nore og Uvdal kommune laurdag føremiddag.

I tillegg sit 34 personar i isolasjon med enten positiv PCR-test eller positiv hurtigtest. Dermed ventar kommunen at smittetalet vil auke dei neste dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter der kommunen veit så langt dreier det seg om eit utbrot av delta-varianten.

Også dei som er i same husstand som dei råka blir oppmoda om å vera i karantene. På same tid minner kommunen om at både innbyggarar og hyttefolk er ekstra på vakt og følge nasjonale råd og retningslinjer.

Les også
Påviste smitte etter julebord
Les også
51 smitta på ei veke: - Mistenker ikkje omikron
Les også
Vil ho sende barna heim på tidleg juleferie?
Les også
– Det er kjedeleg. Men ein må berre gjere det som krevst for å bli kvitt dette her
Les også
Fleire firma kastar seg på og gir bort julebordet - det kjem bygdeheimen til gode