20 mill. dyrare enn kalkylane
Det ligg an til at den nye skulen på Hallingmo kan bli kring 20 millionar kroner dyrare enn kalkylane.
Tysdag vart kommunestyret i Gol orientert om pristilboda på å byggje den nye skulen på Hallingmo. Det har kome inn pristilbod frå to landsdekkjande entreprenørfirma, Hent AS og Veidekke Entreprenør AS.
197 millionar
Politikarane har sett ei kostnadsramme på 210 millionar eksklusiv moms.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til tilbodet frå entreprenørane, må kostnader til prosjektering, byggleiing, tilkoplingsavgifter, prisstigning og uføresette utgifter reknast inn.
– Når desse kostnadene er lagt til, vil begge dei to pristilboda gå ut over ramma på 210 millionar kroner, seier prosjektleiar Sigvart Flåm.
Den lågaste tilbodssummen kom frå Hent AS. Dei leverte eit pristilbod på 197 millionar kroner. Veidekke Entreprenør AS låg kring åtte millionar kroner høgare, nærare 205 millionar kroner.
Solid og gjennomarbeida
Før han kan konkludere om kva som er det beste og billigaste tilbodet, må anbodsdokumenta studerast grundig.
– Det står att mykje arbeid med å vurdere både økonomi og tekniske løysingar før me kan konkludere om tilboda kan godkjennast. Ved fyrste gjennomgang verkar begge tilboda solide og gjennomarbeidde, seier Flåm.
Sprengjer ramma
Innan 1. juli reknar han med å ha svaret på kva for eit pristilbod som er det beste.
– Med utgangspunkt i det lågaste pristilbodet vil det ikkje vere råd å få til eit byggjebudsjett innanfor kalkylen. Førebels har eg ikkje sikre tal, men det ligg an til at kostnaden kan bli kring 20 millionar kroner høgare enn kalkylen, seier han.
Finreknar i sommar
I så fall er det politikarane som må ta stilling til om dei vil akseptere pristilbodet. Før kommunestyret møtest att etter sommaren, skal Flåm leggje fram eit justert byggebudsjett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dersom politikarane vel å gå for pristilboda frå anten Hent AS eller Veidekke Entreprenør AS, kan kontrakten skrivast før 1. september. Viss det skjer, kan me klare å halde framdriftsplanen, seier han. Etter planen skal skulen stå ferdig 1. mai 2016.
Uventa dyrt
Flåm seier det vart gjort eit grundig arbeid med å kostnadsrekne skulebygget før anbodet vart lyst ut.
– Me henta inn tre uavhengige kalkylar, og la den høgaste til grunn for kostnadsrekninga. Difor hadde me venta å få ein entreprise som heldt seg innanfor kalkylen, seier han.