Dette biletet er frå koronatesting i Gol i fjor. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

179 smitta i Gol sist veke, skulen mest råka: – Me er inne i ei stor smittebølgje

Aldri har dei hatt fleire smitta på ei veke, og aldri har dei testa fleire. Gol jobbar hardt for å bremse det store smitteutbrotet.

– Det er i hovudsak skule og barnehage det er smitte. Der har me kome i gang med regelmessig testing, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Det er i hovudsak fire trinn ved barneskulen og to trinn på ungdomsskulen som er råka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen kom tidlegare i dag i skade for å skrive at det var 4. klasse og 9. klasse som var hardast råka. Det er ikkje riktig. Me beklagar feilen.

– Men me ser alt no at det på nokon av trinna har begynt å flate litt ut, seier Thurainayagam.

– Me har nokre få tilfelle på andre trinn også, men ikkje såpass at det blir definert som utbrot. Berre enkelttilfelle.

Mange vil bli testa

Slik rutinen er har dei som tilhøyrer dei ulike klassane fått beskjed frå skulen om korleis dei skal gå fram og når dei skal teste seg.

– Det blir nok litt testing dei neste vekene, men det vil flate ut etterkvart, seier Thurainayagam.

Les også
Sjukeheim og skule råka av smitte: 14 elevar testa positivt i helga

Det er sett i verk tiltak ved skulen, som skal redusere kontakten mellom elevane.

– Slik håpar me å unngå mykje smitte på tvers av klassane, seier kommuneoverlegen. Skulen er framleis driven på gult nivå.

– Ei intens veke

Sist veke fekk Gol ein eksplosjon i smitte. På berre fem dagar fekk 81 personar positivt prøvesvar. Thurainayagam bad innbyggarane ha så få nærkontaktar som mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skulane opnar opp: - Me vil heller vera heime enn å vera den personen som smittar andre

Då Hallingdølen prata med han før helga, sa han at talet på smitta truleg ville passere 100 i løpet av veka. Det fekk han rett i, med god margin. Totalt vart det 179 nye smittetilfelle i Gol sist veke.

– Dette vart også rekordmange testar. Alt i alt ei intens veke, seier han.

For å ta unna all nødvendig testing, la dei inn ein ekstra testdag i helga. No håpar Thurainayagam på at blant anna tiltaka som er sett i verk på skulen vil gjere at smittekurva flatar ut.

– Me er inne i ei stor smittebølgje. Me reknar med at tiltaka vil virke innan kort tid. Fokuset vårt framover er å bremse ned og flate ut kurva, seier han.

Les også
Rår serveringsstader til å halde musikkvolumet nede: – Folk går tettare innpå kvarandre
Les også
Fleten er koronasmitta: - Eg er i isolasjon
Les også
296 smitta i Hallingdal denne veka: Sjekk status for din kommune