Det går føre seg mykje testing i Hemsedal denne veka. Her eit bilete frå testing ved Ål legevakt rett etter nyttår.

15 i karantene etter smitte - legevakta er råka

Ein person vart måndag bekrefta smitta av koronaviruset i Hemsedal. 15 er sett i karantene, blant desse to tilsette knytt til legevakta.

– Me har god kontroll på situasjonen, dette gir ikkje ytterlegare ringverknader. Dei som er i karantene har blitt testa, og ingen fleire hurtigtestar har vore positive, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Legekontoret er trygt

Personen som har testa positivt er ikkje fastbuande. Vedkommande har nyleg vore innom legevakta, derfor er to personar der sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjekk kort tid frå vedkommande var innom til smitta var avdekt, så det er svært lite sannsynlig at det har gått føre seg ei smitteoverføring her, seier Underland og poengterer:

– Det er ikkje farleg å reise på legevakta eller på legekontoret.

Me er midt i vinterferien og tysdag var det nesten 10.000 menneske i Hemsedal. Det er mykje å gjere for helsetenesta. I tillegg til ekstra trykk på legetenesta går det også føre seg mykje testing. Måndag var over 40 personar innom testsenteret.

Utfordrande

Å få to personar knytta til legevakta sett i karantene, er ikkje gunstig - særleg ikkje denne veka. Men helsetenesta er budd på det meste.

– Det er ei lita eining, og det skaper sjølvsagt utfordringar. Men det har me planar for, og rutinane er gode, seier Underland.

Smittetilfellet er godt ramma inn og faren for vidare spreiing er liten. Men situasjonen er likevel ei lita påminning:

– Alle må sørgje for å ha gode rutinar på plass. Det gjeld alle, både legevakt, matbutikkar, serveringsstader og overalt der det ferdast folk. Ein må ta høgde for at nokon kan hamne i karantene, seier Underland.