Kommuneoverlege i Ål og Hol og samhandlingsleiar i Hallinghelse, Geir Strømmen, er godt fornøgd med samarbeidet hallingdalskommunane i mellom.

100 sjukesenger ventar på koronapasientar

Hallingdalskommunane er godt førebudd. Nær 100 sjukesenger står klare, eller kan på kort varsel gjerast klare for koronasmitta hallingar.

Dei siste dagane har alle kommunane jobba på høggir med tiltaksplanar. Alle veit at ein er i startfasen på korona-pandemien. Omfanget kjem til auke. Å takle sjukdomsomfanget kan bli ei kjempeutfordring. Det gjeld å vere førebudd. Difor må tiltaka vere på plass.

Buffer

Så godt som alle kommunane har utarbeidd eit opplegg for å ta hand om eigne koronapasientar. Hallingdal sjukestugu skal vera buffer for kommunane. Dei sjukaste pasientane vil bli sendt hit dersom dei ikkje må på sjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Stiller opp for kvarandre

Så langt har ingen hallingar vorte innlagt på sjukehus.

Tett samarbeid

– Det er etablert eit tett samarbeid kommunane i mellom. Me deler informasjon om tiltak, erfaringar og prosedyrar. I tillegg er det jamlege fellesmøte. Alle er innstilt på å hjelpe kvarandre. Det gjeld også dersom det skulle oppstå ein spesiell situasjon i ein av kommunane, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, som også er samhandlingsleiar i Hallinghelse.

Hol

Hol kommune var fyrst ute med å opprette eiga avdeling for koronapasientar. Det skjedde tysdag. Då vart sjukeheimsavdelinga ved Geilotun bo- og behandlingssenter tømt og gjort om til koronaavdeling. Alle bebuarane på sjukeheimsavdelinga vart flytta til Vestlia Resort.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

20 senger er klargjort for koronapasientar ved Geilotun. – Dette gjer me for å vere i forkant. Me tenker føre var. Det handlar om å kunne tilby hjelp til pasientar om det skulle bli behov, uttala leiaren i smitteverngruppa i Hol, Hege Isungset, til Hallingdølen under tysdagens flyttesjau.

Ål

I Ål er det ikkje aktuelt med nokon flyttesjau. Her vil ein finne løysingar innanfor bygningsmassen ved Ål bu - og behandlingssenter.

– Planane er klare. På kort varsel kan me opprette ei smitteavdeling med plass til 10-15 pasientar i den nye delen av Gjestetunet, fortel kommunalsjef for helse og omsorg, Borghild Ulshagen. Bebuarane på Gjestetunet vil bli omplassert til andre avdelingar ved bu- og behandlingssenteret.

Les også
Kvar femte arbeidstakar er permittert

- Me prøver å drifte normalt i ein unormal situasjon, understrekar Ulshagen som legg til at ein har planar klare i fall det skulle bli behov for fleire koronasenger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gol

I Gol har det lenge stått ledig ein fløy ved Gol helsetun. Denne er no gjort klar for å ta imot koronapasientar. Her vil det vere plass til 7-10 pasientar, opplyser kommunalsjef for helse og omsorg i Gol, Aud Torill Sæbø.

- I tillegg kan me ta i bruk underetasjen ved helsetunet kor det er fleire rom i tillegg til fysioterapiavdeling. Viss me ryddar, kan me få plass til 10-15 sjukesenger, seier Sæbø som fortel at ein også har oppretta ei koronagruppe blant personalet. Nokon skal jobbe mot pasientane som blir innlagt på helsetunet medan andre skal jobbe i heimetenesta.

I kjellaren på Bygdaheimen i Hemsedal er 20-25 senger klare for å ta imot koronapasientar. (Arkivfoto)

Hemsedal

I Hemsedal vil ein plassere koronapasientane på Bygdaheimen og Helselagsstugu. I kjellaren på Bygdaheimen er det lagt opp til 20-25 senger. Ved Helselagsstugu er det sett opp 15 senger.

I tillegg har ein gjort avtale med Fanitullen hotell. Hotellet skal nyttast som beredskapshotell for pasientar som ikkje er koronasmitta.

Les også
Spritlukt på apoteket

- Nett no føler me oss litt ovanpå. Planane er utarbeid. Organisasjonen er på plass. Me er, så langt det er mogeleg, klare til å møte det som måtte kome, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Nesbyen

I Nesbyen er ei avdeling ved Elverhøy helsetun gjort klar for koronapasientar. Her er det sju senger.

– Ingen av bebuarane ved Elverhøy må flytte ut. Me har tatt i bruk ledige senger. Og me kan lett utvide med tre senger til. Då vil me få 10 intensivsenger, opplyser kommuneoverlege Nils Høva.

Ifylgje Høva har ein også oppretta ei eiga koronagruppe blant personalet. Så langt har ein ikkje sett på andre lokale enn Elverhøy. - Me har ikkje funne noko som er eigna, seier Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flå

Flå kommune var den einaste kommunen som ikkje hadde opplegget klart fredag føremiddag. Men rådmann Odd Egil Stavn seier løysinga er rett rundt hjørnet. – Eg reknar med at alt skal vere klart til helga, seier han.

Les også
Eirik Bøkko: — Dei fleste tek det fint

Ifylgje Stavn er det ikkje aktuelt å etablere ei koronaavdeling på Flåheimen. I staden har kommunen sett på bygningar i nærleiken av Flåheimen.

- Sjølv om ingen er blitt smitta i Flå så langt, må me bu oss på at det kan skje også her. Difor må me så fort som råd få på plass ei løysing, understrekar Stavn.

Les også
– Mange har det verre enn meg
Les også
Halldis (94) innlosjert på Vestlia: - Det er så stort her at eg kan ikkje fatte det
Les også
Slik er det å vere i risikogruppa