Pilot fekk trøbbel med helikopter

Ein pilot fekk trøbbel då han skulle ta av med helikopter frå Uvdal Alpinsenter i 12-tida måndag. I det helikopteret letta frå bakken, merka han ustabilitet i maskina, og sette helikopteret ned på bakken att. Maskina var berre så vidt over bakken. Piloten vart ikkje skadd. Politiet vart varsla om hendinga og reiste for å undersøke kva som hadde skjedd.