Omkom i trafikk- ulykke på Lygna

70 år gamle Aslaug Strige omkom 18. april i ei trafikkulykke på Rv4 ved Lygna i Oppland. Strige fylte 70 år i mars. Ho var busett i Hol.

Avisa Hadeland skriv at Strige sat åleine i sin bil, og kolliderte med ein varebil. Politiet fekk melding om kollisjonen klokka 13.51. Det sat tre personar i varebilen. Desse var lettare skadde, og vart frakta til legevakt.