Inn i NAV Vest-Viken

Frå 1. januar vart alle kommunar i Buskerud del av NAV Vest-Viken.

I tillegg til kommunane i Buskerud er Asker og Bærum også del av NAV Vest-Viken. Regionskontoret er i Drammen. NAV Øst-Viken får regionkontor i Moss. Bakgrunnen for omorganiseringa er at Viken fylkeskommune med Buskerud, Akershus og Østfold er ein realitet frå 2020.

Alle kommunane har no fått ei orientering om endringane av direktør i NAV Vest-Viken, Inger Anne Speilberg. Samarbeidsavtalene mellom dei enkelte kommunane eller vertskommunar og NAV-stat blir ikkje råka av denne endringa. Dei vil halde fram innanfor rammene som er etablert.