1. mars er fristen for å søkje vidaregåande skule. Mange vel yrkesfag.
1. mars er fristen for å søkje vidaregåande skule. Mange vel yrkesfag.

Fleire vel yrkesfag

I Buskerud vel fleire yrkesfag enn studieførebuande utdanningsprogram på vidaregåande.

Over halvparten av dei 3256 elevane som starta på Vg1 på ein vidaregåande skule i Buskerud hausten 2018, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. 1690 av desse starta på yrkesfagleg utdanningsprogram, medan 1566 starta på studieførebuande.

– Me ser at det er fleire i Buskerud som valde yrkesfagleg enn studieførebuande utdanningsprogram, medan det nasjonale er motsett, seier Olav Horne, leiar for fagopplæringsavdelinga i fylkeskommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det mest populære valet i yrkesfag i Buskerud er Helse og oppvekstfag, etterfølgt av Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknikk og industriell produksjon og til slutt, Service og Samferdsel.

1. mars er søknadsfristen for skuleåret 2019/2020.