Bil på taket på Fv40 ved Nore

Det var like før klokka 16 fredag ettermiddag politiet fekk melding om ein personbil som hadde køyrd av vegen langs Fv40.

Bilen snurra rundt og landa på taket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øyvind Hammervold ved Politiet Sør-Øst seier til Hallingdølen det var to personar i bilen – ein vaksen og eit barn.

– Nødetatane var kjapt på staden. Begge blei sjekka av ambulansepersonell, og det er ingenting som tilseier dei har fått alvorleg skade. Barnet vert henta av familie, medan den vaksne blir sendt til sjukehuset for ein sjekk, seier Hammervold.

Klokka 17:10 var vegen open, men det var noko redusert framdrift.

– Det skapar alltid litt kø ting som dette, men ifølge patruljen på staden er det fullt mogleg å passere, samanfattar Hammervold.