Bil av vegen i Flå

Politi, ambulanse og brannvesen rykte fredag ettermiddag ut til Flå etter melding om trafikkulukke.

Det viste seg å vere ei ulykke med berre ein bil. Bilen hadde havna utanfor vegen. Fire personar var involvert, men alle framstod uskadd, melde politiet på Twitter kl. 1710.