Administrereande banksjef Hans Kristian Glesne i Skue Sparebank (t.v.) og banksjef Torgeir Nøkleby i Hønefoss Sparebank. (Foto: )

Skue Sparebank og Hønefoss Sparebank har slått seg saman

Forstandarskapet i Skue Sparebank og generalforsamlinga i Hønefoss Sparebank har tysdag kveld gjort endeleg vedtak om fusjon av dei to bankane.

Det gjer banken kjent gjennom ei pressemelding. Fusjonen vil bli gjennomført under føresetnad av godkjenning frå myndigheitene.

Bakgrunnen for fusjonen er eit ønske om å styrke lønsemda og den lokale konkurransekrafta. Det vil også sette banken i stand til å vere ein større bidragsytar til å utvikle lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar, heiter det i meldinga frå banken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skue Sparebank fusjonerer

Den samanslåtte banken vil få ein forretningskapital på 16 milliardar kroner, og blir dermed den fjerde største i Eika Alliansen.

Namnet blir Skue Sparebank. Banken vil ha cirka 90 tilsette og ha kontor i Drammen, Vikersund, Sigdal, Hønefoss, Noresund, Flå, Nesbyen, Gol, Hol, Geilo og på Rødberg. Administrerande banksjef i Skue Sparebank, Hans Kristian Glesne blir også administrerande banksjef i den samanslåtte banken. Banksjef i Hønefoss Sparebank, Torgeir Nøkleby blir viseadministrerande banksjef.

Les også
Næringshagen laga webinar frå studio i Hallingdølen
Les også
– Ikkje nøl - bruk støtteordningane