Olav Thon og Ivar Tollefsen går saman om utbygginga i Turufjell.

Satsar saman i Turufjell

Eigedomskongane Olav Thon og Ivar Tollefsen kjøper aksjane til dei tre lokale grunneigarane i Turufjell i Flå. Dei planlegg investeringar for fleire hundre millionar.

Overtakinga skjer frå 1. februar. Milliardærane Thon og Tollefsen vil etter aksjekjøpet sitje med 50 prosent kvar av aksjane i utbyggingsselskapet Turufjell AS.

— Dette gjer at grunneigarane kan realisere noko av Turufjell. Det er ingen vonde kjensler, seier leiaren for destinasjonsutviklinga i Ivar Tollefsen-eigde Fredensborg Fritid AS, Håvard Staff Brenno. Han er også styreleiar i Turufjell AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

— At Thon og Tollefsen vil eige halvparten kvar av selskapet er ein veldig stor tryggleik for alle planar og investeringar som skal gjennomførast, seier Brenno.

Kor mykje betaler Thon og Tollefsen for aksjane?

— Det kan eg ikkje opplyse noko om. Det er ein god pris. Men det viktige her er at me no ser ringverknadene av at dei tre lokale grunneigarane satsa på å bygge ut sine teigar i Turufjell. Det skal dei ha honnør for.

Grunneigarane Jon Erik Wee, til venstre, Erik Andre Vee og Knut Hilde saman med Håvard Staff Brenno frå Ivar Tollefsen-eigde Fredensborg Fritid AS og Erik Sand frå Olav Thongruppa fotografert den gongen Turufjellutbygginga vart presentert.
Håvard Staff Brenno er styreleiar i Turufjell AS og sentral i den store utbygginga som går føre seg.

Storutbygging

Håvard Staff Brenno, med oppvekst i Gol, var Olav Thons forlenga arm i Flå då Thon begynte å sprøyte millionar inn i Flå-samfunnet for over ti år sidan. Og Brenno var også heilt sentral då planane om ei storutbygging i Turufjell vart meisla ut, ei utbygging som førte til protestar og eit stort engasjement frå naturvernarar og hytteeigarar. Men Flå kommune gav grønt lys i 2017 etter å ha trekt ut eit areal nærmast Vassfaret. Planane opnar for bygging av omkring 2000 hytter.

Olav Thon har klipt mange snorer i Flå dei seinare åra. No satsar han tungt i Turufjell saman med Ivar Tollefsen.

Grunneigarane satsa

Turufjell-prosjektet hadde ikkje vore mogleg å realisere utan dei tre lokale grunneigarane Jon Erik Wee, Erik Andre Vee og Knut Hilde. Saman med Thon og Tollefsen satsa dei i Turufjell gjennom selskapet Turufjell AS, som dei fem involverte eigde 20 prosent kvar i. Det er dei 60 prosent av aksjane som dei lokale grunneigarane eigde som Thon og Tollefsen no har kjøpt.

— Dei tre grunneigarane vil på kvar sin måte framleis vere engasjert i Turufjell. Det er me glade for. For dei sit med stor og avgjerande kunnskap om dette området, seier Brenno.

På kva måte?

— Knut Hilde er prosjektleiar i Turufjell, Jon Erik Wee har eit selskap som han leiger seg inn til Turufjell med alt frå snikkararbeid, prosjektering grunnarbeid og utarbeiding av nye nedfartar, stigar og løyper og Erik Andre Vee er tenkt å vere ein del av det framtidige styret, han har også solid entreprenørerfaring. Me er svært takknemlege for at dei tre vil vere ein del av Turufjell også framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei aller første skøytetaka er for lengst tekne på Turufjell.

200 millionar

Heile Turufjell-planen omfattar omkring 11.000 dekar. Til no er det investert ca. 200 millionar. Det er selt nærare 200 hyttetomter sidan salet begynte i november 2018. Brenno seier at det berre i fjor vart selt 106 tomter. Utbygginga har gitt ringverknader. Utbyggingsselskapet Turufjell AS, som i 2019 hadde eit resultat før skatt på 16,9 millionar, og dotterbedriftene Turufjell Drift AS og Turutunet AS har i løpet av to år skapt 15 arbeidsplassar.

— Unge folk ser at det er ei framtid i Flå, seier Brenno.

— Kva no?

— Utviklinga i Turufjell er eventyrleg. Eg må klype meg sjølv i armen, og blir rørt når eg ser det som skjer. Det er alt bygd ein skiheis og tre nedfartar. No er med i gang med å prosjektere ein ny heis, og dessutan stolheis, og me skal bygge fleire nedfartar. Men det viktigaste grepet no er å tenke heilårsdestinasjon. Me har eit sentrumsområde som skal byggjast ut med blant anna leilegheiter, me har stor merksemd om å legge til rette for sykling, bygge stigar og langrennsløyper. Me har store areal å ta av.

Eigedomskongen Ivar Tollefsen aukar engasjementet sitt i Turufjell. (Arkivfoto)

— Her skal det satsast

— Kor mykje skal investerast?

— Det blir eit stort lyft. Når det er selt så mange tomter som me har gjort, er det også forventningar til at dei som kjøper får realisert hyttedraumen med det same. Det må me innfri og helst overgå forventningane.

Men kor mykje skal sprøytast inn i Turufjell?

— Det er snakk om fleire hundre millionar dei nærmaste åra. Her skal det satsast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Rekordstor interesse i hyttemarknaden

— To store

Det er dei to største eigedomsutviklarane i landet som satsar saman i Turufjell. Olav Thons engasjement i Flå er ei suksesshistorie. Han har investert over ein halv milliard. Tollefsen har til no samla fritidsinvesteringane på Geilo der han eig 50 prosent av Geilo Holding AS som igjen eig SkiGeilo, på Norefjell der han er tungt inne og i Kragerø. No kjem han for fullt også inn i Flå.

Grunneigar: – Stolt av det me skapte

Grunneigar Erik Andre Vee er fornøgd med salet.

— Tida var inne for å selje, seier Vee.

Saman med Knut Hilde og Jon Erik Wee satsa han på å bygge ut i Turufjell.

— Historia til Turufjell er elgjakt og skog. Det tok ein til halvannan time å gå dit, berre ein stig og ingen veg. Det tok tid å få tømmeret ut. Det hadde ikkje den beste boniteten heller. Valet var enkelt, for det er ikkje levedyktig å drive gard i dag, seier Vee.

— Det var me grunneigarar som sparka i gang ballen, det gjorde me for å vere med på utviklinga i Flå. Me la hovudet på blokka. Men me hadde hyttemarknaden med oss, og så valde me å inngå partnarskap med A-laget blant eigedomsutviklarane. Det er bra for Turufjell at dei no sit i førarsetet. Me kunne ha vore med vidare, men tidspunktet var perfekt for oss.

Vee vil ikkje seie kor mykje grunneigarane fekk betalt for aksjane, men han legg ikkje skjul på at dei er «storfornøgde».

— Er det vemodig å gå ut av selskapet?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, eg har ikkje noko forhold til det. Men eg er stolt av det me skapte og dei store ringverknadene av utbygginga. Og så har me vore venner heile tida. Me har delt alt likt. Det er morosamt, seier Erik Andre Vee.