- Nei, eg har ikkje fått kalde føter, seier eigar Espen Aass etter kjøp av Liatoppen og oppussing for 10-15 millionar kroner.

Millionar i hotellinvestering midt i koronatida: - Har ikkje fått kalde føter

Han kjøpte Liatoppen fjellstue i mai og pussar opp for 15 millionar. Men opninga er utsett.

– Har du fått kalde føter?

– Nei, absolutt ikkje, seier hotelleigar og forretningsmann Espen Aass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opninga utsett

Me sit i resepsjonen på Liatoppen fjellstue i Ål. Ei tradisjonell turistbedrift med stolt historie. Likevel har det gått litt på det jamne dei siste åra. I mai i år slo Espen Aass til og kjøpte plassen av Syningen Eiendom AS; taksten var 5,9 millionar. Aass er eigar og dagleg leiar i Esacon AS, eit Oslo-firma som hjelper bedrifter med å søke forskingsmidlar. No vil han kaste seg på reiseliv.

Men så var det koronaen ... Hotellet skulle opna 15. oktober. No er opninga utsett på ubestemt tid.

Liatoppen fjellstove før nyopning hausten 2020. Nye vindauge med utsikt mot Ålfjellet pregar fasaden i nord.

Storstilt oppussing

Det betyr ikkje at den nye eigaren har lege på latsida. Tida er brukt til å pusse opp. Sidan i vår har Aass og dagleg leiar Erik Leander Paule endevendt det meste på Liatoppen.

– Frå me overtok og fram til neste haust vil me ha pussa opp for over 15 millionar, konstaterer dei to.

Les også
Ny eigar ser nye moglegheiter

Alle 36 romma er pussa opp og har fått nye møblar. Det er lagt nytt tak, med solcelle og batteribank. Kjøkkenet er nytt. Fire nye ventilasjonsanlegg er på plass. Frå spisestua har ny og stor glasfasade fått fjellet inn til gjestene. På utsida har det blitt 230 kvadratmeter terrasse, og i front 90 kvadratmeter for uteservering.

Ja, og så er ein einebustad pussa opp frå topp til botn.

– Det er ganske heftig i ei tid der alt stoppar opp på grunn av koronaen. Kona mi synest det. Men eg har tru på marknaden. Dette er vel anvende pengar. Eg er sikker på at det blir eit godt besøk her, seier Espen Aass.

- Her skal me servere småmat og annan "fine dining", seier dagleg leiar Erik Leander Paule.

Allsidig bakgrunn

Dagleg leiar har same klokkartrua, sjølv om dei begge ved handelen i vår slo fast at ingen av dei har reiselivserfaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Norges beste skidestinasjon

– Eg var ikkje bekymra den gongen, og ikkje no. Absolutt seriøst. Dette blir kjempebra; eg gler meg som ein unge til å opne, seier Erik Leander Paule som er utdanna anleggsgartnertekniker og har erfaring med å bygge opp selskap innan alt frå jernvare og skismørjing til telecom.

– Om eg ikkje har drive hotell før, så har eg budd mykje på hotell. Eg veit iallfall korleis ein ikkje skal drive hotell. Det handlar om at folk skal føle seg vel, slår han fast.

Alle 36 romma er pussa opp og har fått nye møblar.
Sofagruppene er på plass, det same er bokhylla. No manglar berre bøker.

Tre marknader

Dei veit begge at konkurransen er tøff innan reiselivet, men det uroar dei ikkje.

– Me vil ha Liatoppen tilbake som ei lokal turistbedrift som blir brukt til selskap og bryllaup. Her blir det småmat og annan «lokal dining». Så har me eit stort bedriftskontaktnett gjennom Esacon, som blir viktig for å fylle opp i vekene. Til slutt har me idrettsmarknaden med attraktiv skistadion og gode skiløyper her på Liatoppen, seier Erik Leander Paule.

Premiesamlinga til stordansar og tidlegare eigar Knut Buset har fått heidersplassen i salongen.

Når Espen Aas ikkje kaldsveittar i den spesielle koronatida, er det blant anna fordi dei har ryggrad som gjer at dei kan handtere situasjonen fint, også om koronatida skulle trekkje ut i tid.

- Til punkt og prikke

Lokale handverkarar og leverandørar har hatt masse å gjera på Liatoppen dei siste månadene. Rett nok har dei måtta reise litt ut av kommunen, heilt til Gol, som dei seier, for å handle enkelte varer. Men dei satsar lokalt.

Les også
Har investert nær ein million i solceller og batteribank

– Me er veldig fornøgd med dei lokale leverandørane. Dei har levert til punkt og prikke, fortel Paule.

Erik Leander Paule t.v. har driftsansvaret på Liatoppen fjellstue. Espen Aass er styreleiar i både Liatoppen Eiendom og Liatoppen Drift

Opnar restauranten

Akkurat no er dei fire tilsette, snart blir dei seks. Til stillinga som kjøkkensjef hadde dei 70 søkjarar, åtte av dei kom til intervju, tre på audition. Den utvalde vart Michelin-kokken George Brunner frå Nederland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me opnar restauranten og baren til helga, men overnatting ventar me med. Me har avtalt alternative arbeidsoppgåver med dei tilsette fram til våren. Så får me sjå korleis koronaen utviklar seg, seier duoen ved Liatoppen fjellstue.

Frå spisesalen kan gjestene få med seg fjellheimen i nord.
Liatoppen fjellstove før nyopning hausten 2020.
Les også
Stengde dørene: - Det er no me skulle bygd ein buffer
Les også
– Me fekk det travelt med å handtere avbestillingar