SkiGeilo investerer for store summar i utviklinga av alpinanlegga. Selskapet brukar mange lokale entreprenørar til det arbeidet. -Me har eit bevisst forhold til akkurat det. Det er eit viktig poeng for oss, seier dagleg leiar Kevin Eikrehagen.

– Me er ein lokal aktør som tenker lokal verdiskaping

Storsatsinga til SkiGeilo gir enorme ringverknader for det lokale næringslivet. Det siste året har selskapet brukt over 100 lokale selskap til dagleg drift og utviklingsprosjekt.

SkiGeilo deler no sine hovudtal frå 31. august i 2019 til 1. september 2020. Dei viser at:

* I fem kommunar i Hallingdal har selskapet brukt 34 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

* 22 millionar av summen er lagt att i Hol.

Over 100 selskap

Dagleg leiar Kevin Eikrehagen meiner det spesielle med tala er at pengane er lagt att i vanleg drift.

– Me er ikkje dei einaste som gjer dette, og me kan sikkert bli betre me også. Men eg hadde aldri trudd det var slike tal. Det er me stolte av, seier Eikrehagen.

Dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen, og sals- og bookingsjef Unni Nymoen Forselv Moen er klare for ein ny sesong. Trass koronapandemi trur dei på stor trafikk.

På lista han presenterer for Hallingdølen er over 100 lokale selskap. Her er entreprenørar, handverkarar, matprodusentar, reinhaldsfirma og varehandel. 34 millionar inn i lokalt næringsliv er eit høgt tal. Og det i eit år som på grunn av den verdsomspennande koronapandemien er samanlikna med dei økonomiske nedgangstidene på 1930-talet. Men krisa har på ingen måte bremsa investeringane i SkiGeilo. Eikrehagen trur det betyr mykje for lokale leverandørar.

– Det er ikkje sikkert me er størst på dette i Hallingdal heller. Men vårt poeng er at me har eit bevisst forhold til det og gjer det synleg.

Les også
Full fart mot nye mål for Alpin-Geilo

Kjøper lokal kvalitet

Eikrehagen brukar det prislønte samarbeidsprosjektet Ostebygda som eksempel. Herfrå kjøper dei ost til sine restaurantar i alpinanlegga. Geilo Turbusser køyrer skibussane selskapet kjøpte inn for to år sidan.

– Det er lokal kultur med lokale leverandørar. Me vil dyrke fram det. Me kunne sikkert ha køyrt eigne bussar, hatt eigne gravemaskiner, ja, til og med ysta ost. Men det er ikkje poenget. Me er ein lokal aktør som tenker lokal verdiskaping.

Arbeid med ny snøproduksjonsanlegg og utbetring av ei løype i Vestlia går for fullt om dagen. SkiGeilo og dagleg leiar Kevin Eikrehagen gler seg til å vise gjestene årets nyheiter.

Og: Den viktigaste årsaka til at dei vel dei lokale aktørane, er at dei leverer på det høgaste nivået.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei står ikkje tilbake for noko, seier Eikrehagen.

I andre enden meiner dei at dette gir auka merksemd, tilhøyrsle og eigarskap til SkiGeilo også.

– Me opplever stor interesse for det me driv med, seier Eikrehagen.

Reiselivets ringverknader

Då koronapandemien råka for fullt i slutten av mars og april, opplevde reiselivskommunar at permitteringstal og arbeidsløysetal steig til kritiske høgder. Då vart det frå fleire hald peika på kor sårbare reiselivskommunar som Hol er når næringa blir råka. Men tala frå SkiGeilo viser at det sjølv i krisetider har vorte investert.

– Reiselivet har store ringverknader. Me meiner dette viser at reiselivet har fleire føter å stå på, seier Eikrehagen.

- «Alt heng saman med alt», som det heiter?

– Ja. Tala viser korleis lokal verdiskaping skjer kvar dag. Det går på tvers av næringar. Reiselivet har betydning for så mange. Det forgreinar seg til alt lokalt. Det er eit stort hjul som rullar.

Les også
– Me er eit steg nærmare realisering av kabinheisen
Les også
– Dette er ein pris til heile Geilo