Jens Martin Jørgensen (t.v) og Calle Johansen har drive Hemsedal Cafe sidan 1991. Arkivfoto.

Har tapt 20 millionar på to månader

Nesten halve årsomsetninga er borte. Men Calle Johansen ved Hemsedal Cafe har ikkje mista motet.

Hemsedal Cafe låg an til tidenes beste vintersesong. Men så kom koronapandemien. Over natta vart alt snudd på hovudet. Dørene vart stengt. Dei tilsette permittert. Og ikkje ei krone inn i kassa.

Kjempesmell

— Mars og april er våre to viktigaste månader. Desse står for nesten halvparten av årsomsetninga. Berre i mars tapte me 7,5 millionar kroner. For april var tapet 10 millionar. Tek me med 1. mai-helga utgjer det samla inntektstapet rundt 20 millionar kroner, opplyser Johansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halv million frå staten

— Då kjem kanskje ein halv million i kontantstøtte frå staten godt med?

— Sjølvsagt kjem pengane godt med. Dei dekker deler av dei faste kostnadene. Men det er likevel berre ein drope havet i forhold til kva me har tapt i omsetning, understrekar Johansen.

Les også
Over og ut for årets afterski

Mest i Hallingdal

Ifylgje Skatteetatens tal har Hemsedal Cafe AS så langt fått mest kontantstøtte i Hallingdal: 567.546 kroner. Bedrifta hentar mesteparten av inntektene frå Stavkroa. Her driftar Hemsedal Cafe fleire serveringsbedrifter samt Stavkroa After Ski — Norges største afterski i volum og omsetning.

Raude tal

— Kva konsekvensar vil omsetningstapet få for Hemsedal Cafe?

— Det vil iallfall bli raude rekneskapstal. Me snakkar om ei resultatforverring på 10 millionar. Det betyr at me vil gå frå eit overskot på rundt sju millionar i fjor til eit underskot på mellom to og tre millionar kroner i år.

Permitteringar

Kva for grep har de tatt?

— Alle tilsette er permittert. Det omfattar 63 sesongarbeidarar og deltidstilsette. Også 14 heilårstilsette er permittert. Per i dag er me berre fire personar på jobb, seier Johansen og legg til:

Les også
Markert nedgang i arbeidsløysa

— Vår bransje har fått blø meir enn nokon andre. Me går også ei usikker framtid i møte med dagens smittevernreglar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire kriser

Johansen har 32 års fartstid i utelivsbransjen i Hemsedal. Alt har ikkje berre vore idyll. Det har tvert om vore fleire kriser opp gjennom åra. Men ingen så dramatiske som koronakrisa. Likevel er Johansen ved godt mot. Mykje på grunn av solid økonomi.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

— Jau då, me står støtt. Eigenkapitalen er god. Me har oppsparte midlar. Resultata har vore gode dei siste åra. Og me har eit godt forhold til banken. Summen av dette gjer at eg er optimist og ved godt mot, seier Johansen.

Krevjande

— Det økonomiske er ein ting. Koronakrisa handlar også om menneske. Me har måtta permittere 77 tilsette. For mange har det vore dramatisk. Og krevjande. Det har det også vore for oss på arbeidsgjevarsida. Å permittere, eller måtte seie opp folk er vondt og tungt, understrekar afterski-gründeren ved Hemsedal Cafe som håpar at drifta er på føtene att til neste vintersesong.

Les også
Millionsmell for Hemsedal Cafe
Les også
Afterski online gav pengar til helseteam