Sidan 2017 har det verkeleg vorte fart i alpinsatsinga på Geilo. Det er investert 150 millionar kroner i oppgraderingar og nye utbyggingar.

Full fart mot nye mål for Alpin-Geilo

To månader før sesongstart er SkiGeilo på offensiven. - Me opnar heile anlegget. Folk skal få valuta for pengane, seier dagleg leiar Kevin Eikrehagen.

For koronapandemien har på ingen måte bremsa satsinga på alpinproduktet på Geilo. Med eigen«smittevernforsvarleg drift» trur Eikrehagen og sals- og bookingsjef Unni Nymoen Forselv Moen på stor trafikk.

– Me har eigen koronagruppe og ligg heile tida i forkant. Me har god kunnskap og er godt førebudd. Det skal vere trygt å reise på ski, seier Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her ønskjer me å gi gjestene den kjende og gode skigleda som vanleg, seier Moen.

150 millionar

Og det er eit offensivt SkiGeilo som ser fram mot vinter. Sidan Geilo Holding, med eigarane Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen, kjøpte Geilo skisenter i mars 2017, er det brukt 150 millionar kroner på oppgraderingar. Berre første året vart det brukt 50 millionar kroner på «å få ting i vater», som Pålgardhaugen tidlegare har sagt i Hallingdølen.

Dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen, og sals- og bookingsjef Unni Nymoen Forselv Moen trur på ein god vintersesong. På bordet står beviset på at Geilo vart Norges beste skiresort i fjor. I år er dei nominerte igjen.

– I dag står ikkje anlegget tilbake for noko. Det me har no, er i toppklassen, seier Eikrehagen, og meiner Geilo for alvor er tilbake på alpinkartet.

– Merksemda på alpinproduktet er heilt annleis no enn for nokre år sidan. Me har kome dit at me igjen kan snakke høgt om det.

Nye heisar

Før årets sesong er lista over nye investeringar og tilbod lang.

– Her er det ingen bremser, seier Moen.

Blant dei største investeringane er ny Fjellheis i Havsdalen. Toppstasjonen kjem høgare og har tre avstigningar.

– Ny heis gir også rom for ny løype her, seier Moen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Geiloheisen er alt av elektronikk, styringspanel, motor og kablar nytt.

– Dette er å rekne som ein ny heis. Me har køyrt full oppgradering av gamal teknologi frå 1997, seier Eikrehagen.

Randiløypa i Vestlia har fått nytt lysanlegg.

– Det gir betre lys i parken og gode treningsforhold for alpinistane, seier Eikrehagen.

Betre snøproduksjon

I Vestlia og på Kikut er nye snøproduksjonsanlegg på plass. 21. november skal dei ha gjort jobben til sesongstart.

– Det sikrar oss snø. Men det betyr også at me kan køyre med rett kapasitet til kvar ei tid. Det er meir effektivt og gir mindre forbruk av vatn og straum. Det gjer det meir berekraftig, seier Eikrehagen.

I tillegg er det installert GPS i alle tråkkemaskiner. Før snøen legg seg, blir alle løyper skanna. Når snøen kjem, har ein oversikt over snømengdene og djupna heile sesongen.

– Då kan me ha ein meir økonomisk bruk av snøen, seier Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjem folk til alpinbakkane med korona og restriksjonar?

– Me har tru på det. Hytteeigarane trur me vil vere meir på hytta, og me trur på trafikkauke i helgene. Det er stor interesse for Geilo no, seier Eikrehagen.

Skikort

Viss koronapandemien igjen råkar for fullt og anlegget må stenge, har SkiGeilo eigen refusjonsordning uavhengig av kva bransjen elles gjer. Det betyr at dei gir gjestene tilbake 100 prosent av ubenytta dagar uansett kor mykje av sesongen som står att. Førebels går heiskortsalet godt. Eikrehagen seier det dei har seld to og ein halv gonger så mange sesongkort i dag som i 2016/2017.

Ein av grunnane til det er at SkiGeilo siste åra har makta å trekkje bygdefolk tilbake til bakkane. Det skjer også i samarbeid med Hallingskarvet skisenter i Sudndalen.

– Med det lokale familiekortet har me klart å få bygdefolk tilbake. Me har også eit eige tilbod til einslege forsørgarar. Alle born i kommunen skal ha ein reell moglegheit til å køyre på ski, seier Moen.

– Kva med årets afterski?

– I år kan alle bli best på det. Det handlar om å vere kreativ innanfor grensene for smittevern. Me har eit godt samarbeid med kommunen, og motivasjonen vår er stor for å tenkje nytt. Ei krise er også ein moglegheit til å tenkje nytt.