Lillian Holden og Ola Stave viser stolt fram den nye applikasjonen.

— Ei verdsnyheit frå Hallingdølen

I dag lanserer Hallingdølen appen Tipps.

– Ei verdsnyheit frå Hallingdølen, seier administrerande direktør i Hallingdølen, Ola Stave entusiastisk.

Appen Tipps er ein applikasjon kor publikum, uansett alder, kan sende inn tips til Hallingdølen. Ingen mediehus har noko liknande. Tipsa blir påskjøna med poeng som kan brukast til å hente ut premiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Når du har samla opp ein poengsaldo kan du velje å hente ut flaxlodd eller gåvekort på elektronikk eller sport, seier ansvarleg redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden.

— Me jobbar òg med å få på plass eit samarbeid, slik at ein har høve til å donere opparbeida verdi til lag og organisasjonar, fortel Ola Stave.

Last ned Hallingdølens nye tips-app! Har du iPhone? Trykk her for App Store. Har du android? Trykk her for Google Play.

Appen er utvikla av Appinventiv i India og prosjektet har vore leia av Future Solutions på Bømlo. Appen er eit samarbeidsprosjekt mellom Hallingdølen, Avisa Hordaland og Sunnhordland.

Tipps

Ønsker å knytte lesarane nærare avisa

— Det starta med at me ønskte å drive utviklingsarbeid, og begynte så å sjå på kva me kunne forbetre i avisa. Etter å ha jobba mykje med det, så landa me på at ein av dei viktigaste tinga for oss, er å engasjere publikum. Me vil knytte lesarar nærare avisa og skape større relasjonar. Få publikum til å sjå at dei kan vere bidragsytarar i det lokale nyheitsbiletet, fortel Ola Stave.

Hallingdølen begynte å undersøke korleis redaksjonane, avisene og tv-kanalane i Norge hentar tips. Basert på undersøkingane fann dei ut at dette var noko dei kunne gjere noko med.

— For å ta publikum på alvor, må me gi dei eit ordentleg verktøy å tipse i. Me må ha ein ordentleg dialog og ei premiering, slik at dei føler at dei får noko igjen for å bidra med lokale nyheiter, fortel Stave.

Les også
Opplagstala stig i Hallingdølen

Etter dette vart Universitetet i Bergen kopla inn, og ein samla ei gruppe bachelorstudentar som vart utfordra til å kome med idear til korleis dette vil kunne sjå ut, og korleis kunstig intelligens kan takast i bruk i appen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me ønskjer meir kunstig intelligens etter kvart, slik at appen kan skjøne meir på eiga hand, basert på bilete og «tags», fortel Ola Stave

— Frykta er at mutter'n går heilt bananas

Redaksjonen vil behandle tipsa som kjem inn i appen. Dei vurderer om tipset kan takast i bruk.

— For det første vil ein slik applikasjon gjere det enklare for oss å ta imot tips, handtere tips og påskjøne tips. Det gjer me i for liten grad i dag. For det andre så ønskjer me å få ein betre dialog med lesarane våre, og det er kanskje det viktigaste. Me vil ha inn fleire stemmer frå lokalsamfunnet, seier Lillian Holden.

Les også
Koronastøtte gjer at Hallingdølen håpar på eit nullresultat i 2020

Tipps skal vere ein app som passar til alle, uansett om du er 74 eller 24 år.

— Frykta er at mutter'n går heilt bananas på tips-fronten, seier Ola Stave.

— Eg gler meg til å sjå det første tipset hennar, ler Lillian Holden.

Verdspremieren på appen er i dag, torsdag. Du kan laste ned Tipps i Google Play og App store.