Hafslund Eco treng fleire flinke fagfolk og vil rekruttere til jobbar i distriktet, mellom anna til Gol. - Du kan sitje på Gol og vere prosjektleiar for eit prosjekt ein annan stad. Det går heilt fint, seier Kristin Lian, konserndirektør vannkraft og administrerende direktør i Hafslund Eco Vannkraft. Her saman med viseadministrerande direktør, Stig Morten Løken (t.v.), og kraftverkssjef på Gol, Stein Ove Helberg.

Viktige kompetansearbeidsplassar finst - og må visast fram

Hafslund Eco fortel at dei kjem til å lyse ut 15-20 nye ingeniørstillingar. Det er godt nytt for ønsket om fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta.

Frå før sit det rundt 50 ingeniørar på kontoret i Gol. Det gjer Eco til ein arbeidsplass med mykje ulik og høg kompetanse - med alt frå fagbrev til doktorgrad. Det er fort å gløyme at det finst bedrifter i dalen som kan tilby slike arbeidsplassar, som både er spesialiserte og som let folk nytte høg utdanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil ha fleire folk til Hallingdal. Me vil vere attraktive. Eit attraktivt og levedyktig lokalsamfunn må kunne tilby spennande og relevante jobbar. Eco er eit glimrande eksempel på ei bedrift der fagmiljøet er både stort og breitt, og som kan lokke til seg kvalifiserte tilsette. Men deira, og mange andre bedrifters, utfordring er å gjere det synleg kva dei har å by på. Kva arbeidskraft dei treng no og vil trenge i framtida. Ungdom som er i ferd med å velje utdanning må bli gjort klar over kva som finst av jobbar «her heime».

Ein rapport frå Distriktssenteret i 2021 seier noko om kor viktig arbeid er for unges motivasjon når dei skal velje bustad. Ifølgje denne rapporten er det eit stort sprik mellom kva dei unge ønsker seg av jobbar, og kva dei trur er mogleg å jobbe som i ein distriktskommune. Unge har, ifølgje rapporten, låge forventningar til jobbmarknaden i distriktet. Og jo mindre trua dei har på at distriktet har ulike jobbar å tilby, jo mindre motivert blir dei for å busetje seg utanfor sentrale strøk.

Bedrifter i Hallingdal må gjere seg synlege for unge så tidleg som mogleg. Via skulen og ikkje minst yrkesmessa. La ungdommen kome ut til bedriftene og gjere seg kjent. Vere proaktive. Det handlar om å leggje grunnlaget for at dei som reiser ut, ein dag kjem heim att. Arbeidsmarknaden, slik den er i dag, vitnar om høg konkurranse. Arbeidsløysa er låg, og mange bransjar melder om vanskar med å rekruttere.

Dette tvinger bedrifter til å tenkje nytt. Hafslund Eco legger på si side til rette for at ein kan ha arbeidsplassen sin i Gol, men jobbe med prosjekt som går føre seg andre stader i landet. Truleg må bedrifter tenkje endå meir slik i åra framover, og nytte den digitale infrastrukturen til sin fordel. Arbeidslivet må i større grad bli uavhengig av kor du har arbeidsstaden din.

Kva så med politikken som skal styre dei statlege arbeidsplassane ut i distrikta? Nyleg endra regjeringa retningslinene for lokalisering av slike jobbar. No skal desse som hovudregel ikkje leggast til Oslo eller andre større byar. Det skal alltid vurderast minst eitt alternativ i ein middels eller lite sentral kommune når statlege jobbar blir oppretta eller skal flyttast på.

Så står det att å sjå om det kjem til å drype noko på Hallingdal som følgje av det. Me vel å seie det slik: «Me fer sjå ra, veit du».