Vern av natur er brutalt
Hyttetomta frå 80-talet er verdilaus. Solrunn Irene Nordlien har opplevd marerittet med hyttetomta ho arva etter mor si. Arealet der den ligg er endra til landbruks-, natur- og friluftsformål.
Tomta har gromutsikt mot Hallingskarvet. Ei nabohytte vart bygd så seint som rundt 2018. Tomta til Nordlien er den siste i området, som kan byggast ut, så det handlar ikkje om storstilt nedbygging.
Artikkelen held fram under annonsen.
Situasjonen kom for dagen då Solrunn var klar for å starte bygginga. Arealet hadde fått status som landbruks-, natur- og friluftsområde. Tomteeigaren satsa på at eit innspel til arbeidet med arealdelen av kommuneplanen ville føre fram. Det gjorde det ikkje.
Eigaren av tomta ved Ustevatn er råka av eit tidsskilje. Etter fullt køyr i hyttebygginga, gjennom fleire tiår, har det dei siste tida kome signal om at omsynet til naturen i seg sjølv må vektleggast meir. Signala har kome både politisk, og i befolkninga generelt.
Det er kommunane som får den nye vinden rett i andletet. Den kjem frå fleire kantar. Store grunneigarar som har halde utbyggingsareal klart til dei meiner tida er moden, veit å gje lyd frå seg når arealet får endra formål. Det same gjer dei som har venta, og spart pengar, for å bygge på tomta si.
Det er liten tvil om kvar sympatien ligg. Situasjonen som Solrunn Irene har hamna i er brutal. Den er lett å identifisere seg med. Dei fleste av oss vil glatt unne henne ein dispensasjon.
Saka hennar skil seg då også frå storutbyggingar. Å fylle opp, og dermed avslutte, eit nesten ferdig utbygd område, er noko anna enn å ta hol på eit nytt stort areal.
Samtidig veit me at dispensasjonar har ei gjødslande effekt på nye krav om avvik frå overordna planverk. Det er dette som får sakspapira til å blafre i hendene på kommunepolitikarane. Det er alltid gode argument for å bygge ut meir.
Det beste rådet me har til kommunepolitikarane er å la omsynet til naturen, og naturens eigenverdi som natur, telle meir. Det er rettferdig, og det rammar likt.
Samtidig er me no inne i eit tidsskilje. Det skal byggast ned mindre. Dermed må areal som skal utbyggast nyttast smartare. Vidare må politikarane seie nei til å opne nye område i større grad enn me har sett dei siste tiåra. Noko anna vil vera respektlaust mot det viktigaste me menneska har. Naturen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så får me håpe at det i denne fasen finst moglegheit for å opptre menneskeleg overfor enkeltpersonar, som elles kjem svært dårleg ut av dette tidsskiljet.