Utelukkande ei gladsak

Av Marte Andersen, Runa B. Slettemoen og Karina Hetland

At folketalet og den demografiske fordelinga i Hovet går i Hol kommune sin favør er kun utelukkande ei gladsak. Det bør absolutt ikkje vere ein diskusjon som går på Hovet eller Holet. Alle grender er like viktige i kommunen vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik me tolkar lesarinnlegget i Hallingdølen tysdag 15.november, er det uroe rundt kva for basseng ein skal velje mellom Holet og Hovet?

Me vil stå saman

La det ikkje vera tvil, sjølvsagt støtter me Holet som skulesentrum! Det er jo i Holet barna våre skal få gå på skule. I Hovet skal dei ha resten av oppveksten sin. Det er her me skal bu, i ei levande grend. Akkurat som Holet har behov for å gje innbyggjarane sine eit aktivitetstilbod, har Hovet det same. Slik me ser det, handlar ikkje dette om kva basseng som skal leggjast ned, men heller om eit ynskje om å få oppretthalde dei me har. Pengar til Hovet vil det uansett gå. Argumentasjonen for stengt basseng har vore på grunn av asbest, råte og behov for utbetring av ventilasjonsanlegget. Slik bygget står i dag kan det ikkje brukast til noko.

Levande grender

I kommuneplanen, som politikarane våre har vedtatt, seier dei at Hol kommune skal legge til rette for fritidsaktivitetar, og at fysisk aktivitet skal vere lett tilgjengeleg. I same plan har Hol kommune som mål å få minst 5000 innbyggjarar innan 2030. Vidare står det at møteplassar og aktivitet er viktig for å skape levande grender og identitet. Dette gjeld for ALLE grender i Hol kommune, og me håper at politikarane står ved planen dei har vedtatt.

Ved nedlegging av skulen i Hovet, vart det gjeve ei lovnad om å oppretthalde fleire tilbod i eksisterande bygg. Om lovnaden fell bort, kan ein undrast på kva som blir det neste. Som det står skrive i lesarinnlegget tysdag 15. november, så handlar det om å oppretthalde tenestetilbod. Hovet er vel meir enn eit handverkssentrum?

Vidare står det skrive: «I tillegg har høvringane gjort ein kjempejobb med å etablere positive aktivitetar og arbeidsplassar ved det som no heiter Hovet kultur- og aktivitetssenter og Hovet næringssenter. Det er dette som skal til for å halde ei bygd levande!» Det støttar me opp om, og me meiner at det er viktig at kommuna verdsett arbeidet og dugnadsånden ved å ta vare på nettopp dei tilboda som er her, til dømes bassenget.