Partileiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum reiser til Rio for på tukte gigantane. Biletet er frå valkampen for tre år sidan. Partifelle Ivar Brevik til venstre.

Trygve Slagsvold Vedum tenker større enn nokon gong

Meta, Google og dei andre internettgigantane bør betale grunnrenteskatt på personopplysningane dei tener store pengar på. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum la fram ideen om dette under G20 møtet, i Brasil nyleg. Norge var invitert som gjest hjå dei store.

Tanken er dristig, men SP-leiaren forbausar oss ikkje. Me hugsar han frå valkampen for tre år sidan. Han var raus med løfta om lukke for landet. Valløfta, og den optimistiske tonen knytt til framføringa den gongen, har vorte eit varemerke for han, også i rolla som statsråd.

Artikkelen held fram under annonsen.

No tok han eit nytt steg, og optimismen frå valkampen for tre år sidan blir berre puslut. På G20 møtet i Brasil ville han skape semje om internasjonal skattlegging av det som er hovudgrunnlaget for bransjen som veks raskast i verda nett no.

Namna, adressene og den andre informasjonen, som me alle gir frå oss gratis, er livsgrunnlaget, og forretningsideen, til bransjen som blir kalla Big Tech. Gigantane, som Meta og Google, lever rett og slett av oss alle.

Næringa har eigarar med meir pengar, enn mange statar berre kan drøyme om. Truleg fekk også nokon av politikarane frå G20 landa få dollarblikk i augene ved tanken på at nettnæringa kan bidra meir til fellesskapet.

Grunnrente er kjent her i landet. Ikkje minst etter at oppdrettsnæringa dreiv tidenes råkøyr mot Stortinget, for å sleppe å betale denne typen skatt. Dei driv lakseoppdrett i fjordar, som tilhøyrer oss alle, og vart i harnisk då Stortinget, på vegner av fellesskapet, ville ha sin del av overskotet.

Motstanden tydeleggjorde i det minste for alle, kva for rikdommar som ligg i denne næringa. Skatten er no innført, om enn i ei litt utarma form, som sikra breiare oppslutnad i Stortinget.

I vårt område er det kraftverka, som betaler grunnrenteskatt. Dei nyttar vasskrafta, som er ein felles ressurs. Skatten er på 33 prosent og med bedriftsskatten i tillegg, er totalen 58 prosent. Petroleumsnæringa haustar frå kontinentalsokkelen vår, og betaler 78 prosent i total skatt.

Mange internasjonale politikarar har heva augebryna når dei har fått høyre om denne skattlegginga. Korvidt Trygve Slagsvold Vedum frå vesle Norge, får G20 utsendingane til å gjere det same, veit me ikkje.

Det me veit er at det er verd eit forsøk. Innteninga i bransjen, og den manglande skattlegginga av internasjonale tech gigantar, er eitt av symbola på alt som manglar av fordeling her på kloden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men «Big Tech», som det gjerne kallast, er også eit mangehoda troll med avsindige ressursar. Dersom næringa verar fare etter innlegget frå den norske finansministeren, vil det løyse ut eit påverkingarbeid me sjeldan har sett maken til. Lakseracet mot Stortinget i Norge, blir ein fjert i samanlikninga.

Men det er bryet verd. Trygve Slagsvold Vedum skal ha all ære for at han våga dette steget. Truleg vil han bli teia i hel. Men nokon vil lytte og forstå, og det er desse, dei som vil vere med og spele ballen vidare, han vender seg til.