Tek viktig kamp for beitedyr og vilt
Trådgjerde utan straum er ein stor trussel mot både dyr på beite, og vilt. Sau som viklar seg inn i slike går ein pinefull død i møte, dersom dei ikkje blir funne i tide.
Nesbyen kommune vil no på gjerdejakt. Det er varsla synfaring i hyttefelta Tverrlie 7, i Nesfjellet og på Lyseren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunalsjef Anders Halland seier at hytteeigarar, som ikkje har halde seg til reglane, må rive gjerda. Han reknar også med at dersom nokon får pålegg, vil bodskapen om kva som er lov og ikkje spreie seg fort.
Dei som får pålegg vil truleg argumentere med at det er vanskeleg i vite kva dei har høve til og ikkje. Det har dei rett i. Reglane varierer frå den eine reguleringsplanen til den andre. Og frå kommune til kommune for den saks skuld.
Mangel på kunnskap er likevel berre delvis eit greitt argument. Det er den einskilde gjerdehavar som må setje seg inn i kva som er lov der han ynskjer å gjerde inn hytte, stølsbu eller hus. Kommunane på si side må sjå til å gjere informasjonen tilgjengeleg.
Frustrasjon i beitenæringa er noko av grunnlaget for aksjonen. Men ikkje berre. Også vilt er utsett. Ei sak er at ulovlege gjerde er farlege for viltet. I tillegg avgrensar gjerdinga viltets soleklare rett til fri ferdsel i eige habitat.
Færre dyr på beite blir gjerne nytta som argument for å setje opp gjerde. Det kan ikkje vera så farleg seier mange. Samtidig som dei fryktar at desse «få» dyra skal grise til plenen og altanen.
Hyttebygging har vore meir i vinden enn beitenæring dei siste tiåra. For å seie det mildt. Men beiteretten er solid forankra i arealforvaltninga her i landet, sjølv om mange hyttekjøparar nok håpar, eller trur, den fylgde med på tomtekjøpet.
Me reknar med at beiteretten vil halde stand i all overskodeleg framtid. Og ikkje minst, sidan beiteretten også omfattar viltet, er den ingen grunn til å avgrense den. Tvert om. Å gjere beita godt tilgjengelege, og å halde gjerdinga til det mest naudsynte, er god viltforvaltning.
Det einaste som kan sikre dyrevelferda og samtidig halde gjerdebygginga, og gemytta, i sjakk er god informasjon. Arbeidet Nesbyen kommune har teke til med er eit godt eksempel. Fjellet har plass til alle, men det krev litt omtanke.
Artikkelen held fram under annonsen.