Kvar vår slår tårnseglarar seg til ved Nesbyen kommunehus. Vil det skje i år?

Tårnseglarane i Nesbyen

Av Ørjan Fresvik, nabo

Vil tårnseglarane også i år koma attende og hekka under taket på kommunehuset i Nesbyen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen kommune er så heldige at dei har ein koloni med tårnseglarar som hekkar under taket på kommunehuset. Det kan vera så mykje som 8 til 10 par som hekkar her.

I samband med bygginga av Embedsgarden har det skjedd store endringar rundt kommunehuset, og det føregår framleis ein heil del utandørs arbeid her. Dette kan forstyrra tårnseglarane.

Tårnseglarane kjem no om eit par vekers tid. Det er då viktig at dette utandørs arbeidet vert ferdig. Dette gjeld arbeidet med å legga panel på den austre gavlen på Embetsgarden og spesielt den veggen som går inn mot og sluttar seg til det gamle kommunehuset. Dette arbeidet bør vera ferdig før fuglane kjem. På denne veggen er det kvart år reir. Nokre av desse reirplassane er no bygde inn av den passasjen som skal knyta Embedsgarden og kommunehuset saman. Desse reirplassane kan derfor ikkje brukast meir, men det er eit par reirplassar til på denne veggen.

I samband med all utbyggings- og byggeverksemd i dag så skal det takast miljøomsyn.

Dette er eit lite, men viktig miljøomsyn for ein liten fugl.

For det er ein svært liten fugl, ein av våre minste, og det er så lite som skal til for å gjera tilbakekomsten for desse fuglane så god og skånsam som mogeleg.

Ørjan Fresvik, nabo