Dette biletet vart tatt då Sport Outlet i Gol opna ny butikk på Kremmartunet i Gol i mars i år. Me håpar folk tek julehandelen lokalt i år - og held fram med det også på nyåret.

Ta julehandelen lokalt - næringslivet treng deg

Me har nettopp lagt bak oss nokre av årets største handelsdagar. «Black friday» har med åra blitt til «black weekend» og vidare til «black week». Og jammen har ikkje måndagen etterpå blitt til «Cyber Monday» og. Det kjem stadig noko nytt.

Det har vore knytt noko spenning til årets handel. Etter to år med unormale tilstandar før jul, med pandemi og restriksjonar, skulle alt gå som vanleg denne hausten og førjulsvinteren. Men så råka «den perfekte stormen», krig, prisvekst og renteauke. Ei fersk måling frå Finans Norge viser at det er 30 år sidan nordmenn sist hadde så dårleg tru på framtida som no. Det gjer sjølvsagt noko med både kjøpekraft og kjøpevilje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bransjeorganisasjonen Virke har rekna at nordmenn kjem til å bruke 123,5 milliardar kroner i løpet av november og desember i år. Om det viser seg å stemme, vil det vere 3,5 prosent lågare enn i fjor - 4,5 milliardar kroner mindre. Over halvparten av verksemdene som Virke har prata med har sagt at dei ventar ei negativ utvikling framover. Men årets julehandel vil samtidig truleg hamne omtrent på nivå med 2019, noko som trass alt er meir normalt. Under pandemien gjorde dei strenge restriksjonane at nordmenn brukte mindre pengar på dyre val som å reise til Syden, gå på restaurant eller reise på ulike arrangement. I staden brukte dei pengane på handel.

Det er ikkje sikkert detaljhandelen kjem til å merke altfor mykje av at nordmenn har fått det røffare økonomisk - enno. Det kan vere større utgifter folk vil spare inn på først. Men samtidig som handelen kan bli redusert, aukar også utgiftene som lokalt næringsliv har. Me håpar alle dei viktige små- og mellomstore bedriftene våre framleis held hovudet godt over vatnet og får gode tal no i førjulstida.

Akkurat dette er opp til oss forbrukarane. Det er behageleg og lettvint å sitje framfor skjermen og «klikke heim» julegåver og andre varar. Men det viktigaste me kan gjere no, er å handle lokalt. Det er ikkje noko nytt det, å bruke lokalt næringsliv har alltid vore, og vil vere, viktig. Men akkurat no treng bedriftene me har rundt oss at me har eit bevisst forhold til kor me legg att pengane våre.

Ta julehandelen lokalt. Bestill gjerne varar på nett - men gjer det hjå lokale butikkar og bedrifter. I tillegg håpar me at du gjer det same også når me bikkar nyttår. No er me trass alt inne i den «gode tida» for handelsstanden. Januar og februar kan bli seigare. Ikkje gløym dei, då heller.