Flå har sidan 80-talet hatt eigen blomsterbutikk. Etter at Rema 1000 kom til bygda har begge matvarekjedene på Bjørneparken Kjøpesenter starta med blomstersal. Det tvingar Margun Fosse til å legge ned tilbodet.

Synd når lokalt næringsliv blir skvisa ut av marknaden

Det ser dessverre ut til at den 30 år lange historia med blomsterbutikk i Flå er over. Drivar Margun Fosse ser at daglegvarekjedene overtek marknaden for sal av blomster. Dermed mistar bygda eit viktig tilbod.

Ho har eit godt poeng, Fosse, når ho spør om du ville tatt med deg ein bukett frå ei bøtte på ein daglegvarebutikk når du skal overraske mor di på 50-årsdagen. Det er ved dei litt større anledningane at flåværingane for alvor vil merke saknet av ein blomsterbutikk som ikkje lenger er der. Bursdagar, gravferd, fødsel, ei utmerking på jobben. Nokre gonger trengst det binding av bukettar, frakt, noko ekstra. Det kan ikkje ein daglegvarebutikk stille opp med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne utfordringa har heile blomsterbransjen kjent på i mange år alt. Daglegvarebutikkane skal ikkje leve berre av blomstersal aleine, derfor kan dei setje prisen lågt. Ein blomsterbutikk har ikkje stor sjanse til å konkurrere. Dei kan ikkje leve på å la kundane kjøpe blomar til innkjøpspris. Mange blomsterbutikkar har gått dukken dei siste åra fordi dei ikkje har greidd å stå imot konkurransen. Til og med større kjeder, som Finn Schjøll-kjeda Blomster Norge, gjekk konkurs for nokre år sidan som konsekvens av den auka konkurransen.

Ein kan sjølvsagt innvende: Har folk vore flinke nok til å bruke blomsterbutikken i Flå mens den var der? Det er lettvint og billeg å ta med seg ein potteplante eller ein enkel bukett med tulipanar når ein likevel er innom daglegvarebutikken. Men det hjelper ikkje den lokale handelen med å overleve.

I Flå har utfordringa i fleire år blitt løyst på fornuftig vis. Kiwi, som ligg «vegg i vegg» med blomsterbutikken, har rett og slett droppa å ta inn blomster. På det viset har kjeda tatt eit godt og riktig ansvar for lokalsamfunnet, og gitt sitt bidrag til å hjelpe det lokale næringslivet å overleve. Men då Rema 1000 etablerte seg i bygda, endra det seg. Då Margun Fosse kom att frå ferie i fjor sommar, hadde Rema 1000 tatt inn blomster. Dermed gjorde Kiwi det same, for å møte konkurransen. Midt i skvisen hamna Fosse, som har fått ei langt vanskelegare oppgåve med å overleve som blomsterleverandør.

Det er synd at det som var ei fin løysing skal ende slik. Det er synd for Fosse, som mistar grunnlaget til å drive med og selje blomster. Minst like synd er det for flåværingane, som mistar eit godt tilbod i bygda.