Strandavatnet i Hol er eitt av magasina som så langt i år har låg magasinfylling.

Straumrasjonering vil ta politikerforakten til nye høgder

Det kan bli rasjonering av straum til vinteren. Hallingdal kraftnett har fått beskjed om kva for abonnentar og verksemder, som kan risikere å miste deler av, eller heile, straumforsyninga i ein eller fleire, periodar.

Dette er ikkje oppsiktsvekkjande. Nett- og kraftselskapa har i heile etterkrigstida vore pålagt å ha slike planar. Ikkje minst under den kalde krigen brukte samfunnsviktige institusjonar mykje pengar på planar og materiell beredskap knytt til både krig, krise og naturkatastrofar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det som er nytt i dagens situasjon, er at me forheld oss til ei varsla katastrofe. Me har inngått avtaler om krafteksport til resten av Europa, utan å sikre eigen forsyning. Når kraftmangelen oppstår, står det mellom å betale blodpris for kraft resten av Europa slost om, eller å innføre rasjonering.

Det kan verke arrogant å omtale serien av politiske beslutningar bak dette uføret, som ein varsla katastrofe. Men det har ikkje mangla innvendingar. Ikkje minst nyleg avdøde Osvald Medhus kom med klare åtvaringar som no har slått til. Kraft-nestoren, og Ap-veteranen, i Hol var frustrert over å snakke for døve øyre til sitt kjære parti, om fagfeltet han kunne ut og inn.

Regjeringa gir oss denne forklaringa på situasjonen som har oppstått: Krig i Europa, tysk kjernekraft som er borte frå marknaden og manglande nedbør. Til det er å seie at all beredskap har ordet krig som bakteppe. Tysk motstand mot kjernekraft har vore kjent sidan 1970-talet. At nedbøren varierer, har vore kjent til all tid.

Det siste er faktisk grunnlaget for at det norske kraftsystemet er bygd opp med magasin som skal samle nedbør over fleire år. Me skulle ha vatn som kan nyttast når nedbøren uteblir.

No er også vatnet frå dei fleirårige bassenga selt ut av landet. Me får difor håpe at det blir ein mild vinter, der me slepp rasjonering av straumen. For ein ting er sikkert: Når straumen blir kopla ut, vil politikerforakten i Norge nå nye og uante høgder.

Me fryktar også at det politisk vil utvikle seg til ein kamp om kor mange øre straumstøtta til bustader skal vere. Det er ei avsporing. Debatten bør handle om korvidt me er tent med eit kraftsystem som er basert på fullstendig fri omsetning av kraft ut av landet.

Ein debatt om straumstøtta til bustader, er dessutan alt for snever. Så lenge næringslivet ikkje får straumstøtte, blir det jo i realiteten kundane, vanlege folk, som må dekke denne straumrekninga også.

Ein situasjon med kraftrasjonering vil vera det nærmaste me har vore eit uår i moderne tid. Nokon må rimelegvis få skulda, så dette er ei sikker oppskrift på regjeringsskifte ved neste val.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då er det verd å ha med seg at også dagens opposisjon har støtta heilhjarta opp om etableringa av den kraftmarknaden som me i dag får midt i andletet. Erna Solberg kjem difor til å vinne valet med å føre vidare kraftpolitikken som feller den noverande regjeringa. Det er difor det er så stille frå Høgre nett no.

Les også
Medan me ventar på fulle kraftmagasin
Les også
Makspris på kort og lang sikt
Les også
Regjeringa ser på saka i desse «kilowattimane»
Les også
Valkampen kom vel tidleg denne gongen