Storm i eit vassglas?

1. januar 2016 er eit tidsskilje i politiet. Då sette regjeringa Solberg i verk ein reform som hausta storm frå alle kantar. Nærpolitireforma var eit direkte resultat av analysen og kritikken av beredskapen her i landet etter 22. juli-terroren. Færre lensmannskontor, og større og sentraliserte einingar skulle styrke slagkrafta til politiet. Og framfor alt skulle det bli meir synleg politi i gatene.

Resultatet vart færre politidistrikt og færre lensmannskontor. Nordre Buskerud politidistrikt med Hallingdal som eitt av områda vart slusa inn i det nyoppretta Sør-Øst politidistrikt med base i Tønsberg. Talet på lensmannskontor vart redusert over heile landet. Lensmannen som hadde vore ei fast anker og trygt til stades i bygdene i "alle" år vart sett på båsen, og lensmannskontora vart tenestestader. I Hallingdal vart lensmannskontora i Ål og Flå lagt ned, mens Nesbyen sit igjen med eit kontor som er ope ein dag i veka. På Gol og Geilo er det operative lensmannskontor, med Gol som sjølve hovudbasen i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frykta var stor den gongen. Frykt for lange avstandar med færre tenestestader og eit politi som var langt unna, og mangel på lokalkunnskap når operasjonssentralen i Tønsberg skulle styre operative aksjonar i Hallingdal. I fleire kommunar gjekk folk i lange fakkeltog. Det var halde appellar og elende vart måla med ein mørk og brei penn.

I valkampen lova Senterpartiet at fleire stader skulle få tilbake lensmannskontoret eller tenestestaden. Då lista over dei ni stadene vart presentert i førre veke, var ingen kontor i Hallingdal med. Årsaka er rett og slett at hallingane ikkje har kjempa for å få tilbake lensmannskontor.

Seks år etter fakkeltoga er det derfor grunn til å spørje om det var eit ekte engasjement som låg bak, eller om dei var eit resultat av ein politisk kamp mot Solberg-regjeringa som hadde sett sentralisering høgt på dagsorden. Sett i ettertid kan alt bråket fortone seg som ein storm i eit vassglas. "Me trudde nok at me ikkje kunne klare oss utan eit lensmannskontor i alle kommunane. No ser me at det fungerer greitt, sa Nesbyen-ordførar Tore Haraldset i Hallingdølen tysdag.

Men Haraldset og fleire etterlyser eit meir synleg politi — og meir politi. For det var lovnaden då reforma vart vedteke. Den har fått hard medfart undervegs. "Nærpolitireform" er for lengst erstatta med "politireform".

Det gamle lensmannskontoret hadde ein førebyggjande funksjon berre ved å vere til stades. I ei tid der me høyrer at det er narko i omløp i Hallingdal må politiet vere "på" meir enn nokon gong. Dei må drive aktivt førebyggjande arbeid, og ikkje berre gi inntrykk av å vere eit blålys-politi. Då er det eit tankekors at det berre vart avsagt ein narkodom i tingretten i fjor. Politileiinga i Hallingdal kan ikkje berre skulde på manglande ressursar. For det handlar også om å prioritere.

Les også
Kine (30) er Årets halling: – Eg er både sjokkert og ekstremt rørt
Les også
Eitt av sju oppdrag er trafikkuhell på vegane - sjå kva brannvesenet rykte ut på
Les også
Gjekk i fakkeltog for lensmannskontora - men kjempa ikkje for å få dei tilbake