Stoppar ransforsøk

Utvalet som skulle vurdere utjamning av inntektene mellom kommunane, var særs uheldig med timinga. Når alle dei tunge politiske partia no tryglar om meir kraftutbygging, er det lite lurt å gjere slike prosjekt mindre attraktive for kommunane.

Regjeringspartia, Arbeiderpartiet og Sp, har allereie langt på veg skote ned det nyaste forslaget om å svekke kraftinntektene til kommunane. Forslaget kom frå eit utval regjeringa til Erna Solberg sette ned. Me tippar at også Høgre ser at tidspunktet for gjennomføring av det partiet ynskjer seg er ganske så feil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget frå utvalet, med namnet Inntektssystemutvalet, er at ti prosent av dei kommunale kraftinntektene skal gå til staten, og ut att til dei øvrige kommunane gjennom skatteutjamninga. Utvalet meiner dette bør gjelde både konsesjonskrafta, og eigedomsskatten frå kraftanlegg.

Desse inntektene er å sjå på som erstatning til bygdene som stiller naturverdiar til disposisjon for kraftproduksjon. Dei er å betrakte som erstatning for ulemper, noko utvalet ser bort ifrå.

Forslaget bryt med vanleg praksis om erstatning. Det har aldri vore slik at nokon som får erstatning, til dømes for bygging av veg, har måtta dele desse pengane med andre.

Tradisjonelt har ulike regjeringar frå heile det politiske spekteret, år om anna, freista å få tak i meir av pengane til kraftkommunane. Etter eit raskt søk, i arkivet til Hallingdølen, kan me notere angrep både i 1998, 2000, 2008, 2015, 2017 og altså i 2019. Det siste vart avvist i 2020.

Innhaldet i desse forsøka varierer frå gong til gong. Det som ligg på bordet no i 2022, er av den meir kreative sorten. Truleg så kreativt, og så uheldig tima, at det kanskje ikkje er fare på ferde.

Det som også skil seg frå tidlegare forsøk, er motstanden frå regjeringshald allereie frå starten. Til vanleg, er langvarige politiske kampar, regelen for distriktskommunane i desse sakene.

Det nye framlegget minner oss om ein ting. Det er essensielt for distriktskommunane å halde god beredskap, og solid kunnskap om slike saker. Kommunane i Øvre Buskerud forvaltar store og viktige verdiar. Verdiar som alltid skal gå styrka vidare til neste generasjon.