Skrifta på veggen for norsk industriproduksjon

Defa markerte i sommar 75-årsjubileum med opning av ny produksjon av ladekablar til el- og hybridbilar ved fabrikken i Nesbyen. Leiinga ved Defa varsla samtidig at fleire nyutvikla ladeprodukt for elbilar er på trappene.

Allereie då vart det varsla at det ikkje var sikkert at denne framtidige produksjonen vil bli lagt til Nesbyen. Årsaka er naturleg nok dei høge straumprisane. No er avgjerda tatt. Produksjonen av ein ny ladestasjon er lagt til fabrikken i Kina. Dagens prisnivå på straum gir tredobla kostnader samanlikna med vilkåra i Kina. Dette skjer mens me enno ser grønt på trea her til lands. For vinteren er spådommane opp i mot 20 kroner pr. kilowattime. Dersom det ikkje blir rasjonering og utkopling av industrien i staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjerda er eit slag mot optimismen som kom i kjølvatnet av satsinga som vart kunngjort i sommar. 60 nye arbeidsplassar er mykje her i Hallingdal. Faktisk nok til å skape lokalpolitisk uro om tilgangen på bustader og tomter. Heldigvis ynskjer bedrifta å stå fast ved forpliktingane i samarbeidsprosjektet som låg til grunn for dei nye arbeidsplassane. Samtidig er bedrifta i ein fase der også andre moglegheiter blir vurdert. Det seier seg sjølv at å gå frå ein straumpris på 30 øre til 8—10 kroner pr. kWh., eller meir, endrar spelereglane.

Spelereglane i denne samanhengen handlar om fritt sal av norsk vasskraft utan omsyn til verken industri eller busetting her i landet. Stabil pris og tilgang er bytta mot fri handel og spekulasjon. Omkalfatringa av kraftmarknaden har møtt mykje kritikk. Nett no blir tilstanden forsvart med mellom anna solidaritet med Ukraina i krig. Til det er å seie at det var ingen som såg for seg krig på vårt kontinent då kraftregimet me no har vart vedteke. Hadde krig og tilhøyrande forsyningstryggleik vore tema, er det lite sannsynleg at kablane hadde vorte bygd.

Det er likevel sjølvsagt at me skal hjelpe Ukraina. Det gjer me heldigvis også. Men me har likevel til gode å sjå at avvikling av arbeidsplassar i industrien i Norge er til særleg hjelp i kampen mot eit aggressivt Russland. Tvert i mot. Det angriparen ynskjer er å svekke Vest-Europa på alle tilgjengelege måtar.

Me er i dag i ein situasjon der husstandane er sikra straumstøtte kombinert med firedobla straumprisar, målt opp mot det me har vore vane med. Privat foregår det no mykje kreativt arbeid for å sikre seg støtte også på hytta. I politikken handlar arbeidet no om å finne ei støtte til næringslivet som ikkje er urettferdig og konkurransevridande, og som ikkje går til utbetaling av utbytte. Det er lett å skjøne at dette er eit arbeid som tek tid.

Rettferdig straumstøtte til næringslivet er, etter vårt syn, rett og slett ei umogleg oppgåve. Det som fungerer rettferdig på energisektoren er eit fornuftig prisnivå til alle, kombinert med trygg levering av nødvendig energi.

Den einaste grunnen til at me no sluttar opp om ropet om raske støtteordningar til næringslivet er at Stortinget dei siste tiåra har måla landet vårt inn i eit energipolitisk hjørne.