Sjølvpining på veg mot landsmøtet

Arbeiderpartiet held landsmøte inn mot helga. Det er partiets høgste organ, og møtet er ei politisk høgtidsstund som blir sett fram til med forventning, spenning og glede. I hvert fall i teorien.

For bakom innkallinga, lurer stort sett alltid ulike grader av parti- og personstrid. Det er ikkje til å undrast over. Partiet er stort og skal famne mykje av politikk, og mangt av maktkamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uro inn mot landsmøtet er difor ikkje overraskande. Det som er forbausar oss, er at denne gongen er det partileiaren som sjølv løyser ut striden.

Den famøse telefonsamtalen mellom statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre, og lokalpolitikar Helga Pedersen i Finnmark, var rett nok meint å dempe stridigheitene. Utfallet vart det motsette.

Kvefsebolet Støre stakk hand inn i har fleire rom. Ei sak er at han ville støtte opp om valkomiteen, som ikkje gjekk inn for Helga Pedersen. Men samtalen vart då også ei sterk støtte til den noverande partisekretæren, Kjersti Stenseng. Mange i partiet meiner fornyinga som valkomiteen no legg opp til også burde omfatte henne.

Uansett burde partileiaren latt vera å ta tak i dette. Også kjelder nordpå meiner Helga Pedersen ville vore sjanselaus i kampvotering mot Stenseng. Me trur vidare at uansett utfall, så ville partiet klart eit slik oppgjer utan å ta skade.

I staden har me fått eit parti som inn mot landsmøtet er sterkt prega av diskusjon om ein telefonsamtale. Sidan dekningen i media blir prega av det same, er det openbert at partiet no går glipp av viktig merksemd om sjølve politikken.

Eit eksempel i så måte er den betente situasjonen rundt galopperande straumprisar. Rett nok er manns minne kort, men saka kjem til syne både på straummålarane i haust, og på landsmøtekartet i helga.

Sjølv om temaet har drukna i dagens telefonstøy, så skal landsmøtet ta stilling til energipolitikken. Energiutvalet i partiet har laga grunnlaget for debatten.

Dei mest radikale framlegga er å ikkje bygge nye utanlandskablar, ikkje fornye kabelen til Danmark når den går ut på dato og å vurdere verna vassdrag på nytt. Aller mest betent er punktet om å sikre at energisamarbeidet med EU er i tråd med Norges interesser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire tunge fylkeslag har varsla klarare krav om norsk kontroll med straumprisane innanlands. Utspela varierer noko i styrke, men i fylgje Nationen vil både Innlandet, Vestfold Telemark og heile vestkysten til og med Trøndelag engasjere seg.

Det er liten tvil om at energitilgang og straumpris framleis er ei av sakene som veljarane verkeleg er opptekne av. Opp mot energipolitikken blir ei oppringing til Finnmark skurring på gamal kopartråd.