Senterpartiet i solid spagat om krafta

Fylkesleiar i Buskerud Sp, Sigrid Simensen Ilsøy, har skrive brev til partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Saman med ein kollega i Agder har ho fått dei andre fylkesleiarane med på eit opprør mot handteringa av straumkrisa. Kravet er meir stabil kraftpris og mindre eksport.

Brevet, som vart omtala i Aftenposten sundag, er stempla hemmeleg. Det er eit godt teikn. Politikarar som skriv hemmelege brev til eiga partileiing meiner det dei seier. Det styrkar også alvoret at Sps nasjonale ordførarforum nyleg kravde makspris på straum og tøffare kamp innad i regjeringa. Til Aftenposten seier Sigrid Simensen Ilsøy at fylkesleiarane merkar aukande press frå medlemmer som ynskjer meir konkrete tiltak for å bøte på verknadene av kraftkrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brevet førte til at partileiinga på kort varsel kalla inn til digital konferanse. Både Ilsøy og Vedum avdramatiserer i ettertid både brevet, og møtet, som kvardagslege hendingar. I god partiånd.

Det siste står ikkje heilt til truande. Saka er betent den. Det er no ein gong slik at Sp deltek i regjering med eit Ap som i spørsmålet om sal av kraft til Europa står vesentleg nærmare Høgre enn det grasrota i Sp gjer. Dette gjer kraftsaka dobbelt alvorleg for Senterpartiet. Ei sak er misnøya med høge prisar og låg magasinfylling nett no. Det er eit problem regjeringa, som me har skrive tidlegare, betaler seg ut av med straumstøtte til misnøgde forbrukarar.

Men dette er inga løysing på det grunnleggande problemet: Det EU-initierte frisleppet av kraft som handels- og spekulasjonsvare handlar om Norges tilknyting til EU. Der er Senterparitet på ei heilt anna line enn Ap og Høgre. Slik kjem det også til å bli framover. To folkerøystingar om EEC/EU borgar for akkurat det. Det er ingen tvil om at dragkampen fylkesleiaren frå Hol har vore med på å starte handlar om eit av dei store vere- eller ikkje vere spørsmåla for Senterpartiet.

Då kan det i lengda bli seigt å halde fast ved regjeringsarbeidet som vart starta etter valet sist haust. For situasjonen me er i no syner til fulle eit Ap som saman med Høgre har fått Stortinget med på å satse meir på kraftkablar over Nordsjøen enn på kablar over Dovre.

Denne politikken har over år leia fram til dagens kraft-fadese. Den blir forsvart med fleire snodige argument. Mellom anna skal me redde Europa frå kraftmangel gjennom ein eksport av 10-15 TWH. Det høyrest bra ut, men behovet i denne marknaden er 3500 TWH.

Resultatet av eksporten blir store pengar til aktørane som produserer og sel kraft på den eine sida. På den andre finn me import av tyske kraftprisar til norske husstandar og næringsliv. Prisnivået, og svingingane i pris, forrykker den norske økonomien, og gjer borgarane som eig krafta til mottakarar av politisk kraft-trygd.

Midt oppi dette finn me Senterpartiet med ein finansminister som må forsvare noko partiet har lang tradisjon for å angripe: Uheldige sider ved tilknytinga til Europa.

Les også
Meir almisser
Les også
Straumrasjonering vil ta politikerforakten til nye høgder
Les også
Me har sagt frå oss kontrollen over krafta