Sa nei til mobilforbod fordi det kjentest tryggast

Høgres landsmøte sa sist helg nei til eit framlegg om mobilforbod i skulen. Sjølv om debatten om uheldige sider ved mobilbruk og elektroniske læremiddel har gått i lang tid våga ikkje delegatane å ta dette steget. Truleg kom framlegget frå Peter C. Frølich vel brått på. Då er det ofte tryggast å seie nei.

Etter landsmøtet kommenterte då også Frølich vedtaket med å seie at han ventar at saka kjem attende. Frølich, som leia resolusjonskomiteen under møtet, fekk støtte frå ein tredjedel i denne runden. Han reknar med at debatten berre er i startfasen, og trur det kjem strengare reglar for bruk av mobiltelefon i skulen, både nasjonalt og internasjonalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen for dette er enkel å sjå. Svært mange innser at overdriven bruk av skjerm og tilhøyrande sosiale medium har uheldige sider, mellom anna svekka konsentrasjonsevne og dårlegare leseferdigheiter, for å nemne noko.

Under landsmøtet møtte forslaget sterk motstand frå tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner. Han minna om at Høgres program seier at det er rektor som skal ta beslutningen om eit eventuelt mobilforbod i skulen. Han meiner diskusjonen om temaet skal gå ved kjøkkenborda, på lærarromma og på foreldremøta.

Me er djupt usamde. Dette er ei alvorleg sak som kallar på kvalifisert fagleg vurdering. Rett nok har alle gått på skule, men dette borgar ikkje for at alle av den grunn har greie på skule.

Me ser heller ingen grunn til at varierande rektorskjønn omkring i landet skal avgjere ei så grunnleggande sak som dette. Behovet for arbeidsro og konsentrasjon i klasseromma er likt over alt, og står høgt oppe på lista over det heilt grunnleggande.

Me håpar difor at forslaget som vart vraka av Høgre-delegatane kjem opp att, både i dette partiet og i dei andre partia. Det neste me håpar er at ei regjering tek tak i saka, og får den greidd ut på skikkeleg vis.

Sjølv om forskingsmiljøa allereie har vore grundig inne i temaet, så vil det i ei slik sak alltid finnast mykje «svogerforsking» både blant politikarar, skulefolk og folk flest. Eit gjennomarbeidd forslag, parra med ein god høyringsrunde, vil etter alt å døme kunne skape grunnlag for ei god ordning.

Me lever i ei tid med maksimal distraksjon, der ulike inntrykk bombarderer oss frå alle kantar. Det er mykje som konkurrerer om merksemda, og me er overtydd om at dei unge treng å skjermast, i det minste i samband med skulearbeidet.