Rett og rimeleg med støtte til energisparing

Før sommaren, vedtok Hol kommunestyre å bruke fem millionar kroner på ulike enøk-tiltak. Støtta er retta mot vanlege innbyggarar, pluss lag- og foreiningar. Det er mogleg å søke om støtte til, mellom anna, varmepumper, etterisolering, utskifting av vedomn eller solceller.

No har ålingane kome etter. Kommunestyret legg fram ein svært omfattande katalog med støttetiltak i ordninga som vil koste mellom to og fem millionar i året. Det er sett av ein grunnkapital på 10 millionar til fondet som skal finansiere dei ulike tilboda. Ål hadde også for nokre år sidan eit tilsvarande fond.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enøk-støtte handlar i begge kommunane om ulike tiltak som kan gjennomførast i vanlege bustadhus av ulik alder og utforming. Som eksempel kan me ta med at Ål kommune gir bustader støtte på inntil 10.000 kroner i året pr. eigedom ved utskifting av vindauge. Ål vil også gje pengar til fagleg vurdering av om det kan blir fleire bueiningar husvære i eitt og same hus.

Dei kommunale støtteordningane kjem i rett tid. Statlege Enova har, i tida etter at straumprisane eksploderte, blitt kritisert for ikkje å støtte tiltak knytt til vanlege bustadhus. Dei har i staden retta verksemda mot næringsdrift og innovative tiltak.

Det er difor opp til kommunane å vurdere om det skal gjevast støtte til vanlege innbyggarar som ynskjer, eller må, gjere noko med energibruken. Det meiner me alle kommunar i øvre Buskerud bør finne plass til. Alle kommunane har større eller mindre kraftinntekter, og sjølv om det er freistande å nytte meirinntektene ein ser no, til styrking av budsjetta generelt, så er det viktig også å sjå framover.

Me meiner også at staten bør bidra til å finansiere energitiltak ute hjå vanlege forbrukarar. Omkvedet frå regjeringa er at det no er viktig at alle gjennomfører energitiltak, slik at me får frigjort kraft til andre formål.

Uansett om den frigjorde energien blir seld ut av landet, eller nytta til næringsutvikling innanlands, så ligg det store inntekter til stat og kommunar her. Hovudparten av kraftverka er i offentleg eige.

Difor er det berre rett og rimeleg at husstandane, som investerer i enøk får offentleg støtte til formålet. Både energitiltak i heimane, og høge straumprisar, er hushaldningane sitt bidrag til den offentlege forretningsverksemda. Det er mykje å hente for staten når straumen ein hustand sparer blir seld til ein kunde som ikkje mottek straumstøtte.

Regjeringa inviterer i realiteten husstandane til eit spleiselag for å møte framtidige utfordringar på energisektoren. Då held det ikkje at berre ein av partane skal betale. Me meiner difor at staten og kommunane her bør stikke hovuda samen, og sjå energitiltaka til private under eitt. Slik det er lagt opp no, er det i fyrste rekke dei mest velståande kommunane, som kan levere tungt på enøk-sida.

Les også
Skrifta på veggen for norsk industriproduksjon
Les også
Almisser til folket løyser ikkje det grunnleggande