Regjeringa slår hardt til mot kommunar som sel konsesjonskrafta si på spotmarknaden.

Regjeringa treng elementær opplæring om inntekter og skatt

Regjeringa slit ikkje berre på meiningsmålinga. Ho slit også med elementær forståing av kva som er inntekter. Då går det skeis når statsrådane finn på å inndra millionar frå kraftkommunane i distrikta.

Å bli skattlagt etter reelle inntekter har dei fleste forståing for. Eller at ein på annan måte bidreg til fellesskapen når ein har musklar til det. Slik sett burde det vera ei pedagogisk enkel oppgåve å innføre ein mellombels skatt som gjer at kommunar med ekstraordinære inntekter frå sal av konsesjonskraft fordeler noko av superprofitten med fellesskapen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men i staden for å seie at kraftkommunane må gi frå seg ein viss prosent av dei høgste inntektene, startar regjeringa i andre enden. Staten skal ha 3 milliardar kroner!

Så startar arbeidet med å finne ut korleis dei skal få inn dei tre milliardane. Sjølvsagt kan ein ikkje krevje inn skatt frå kommunar som sel konsesjonskrafta til låge, faste prisar. Heller ikkje frå kommunar som gir frå seg marknadsgevinsten ved å levere rimeleg straum til eigne innbyggjarar og næringsliv.

Men då oppstår eit nytt problem for regjeringa: Det er kort og godt ikkje skattegrunnlag for dei tre milliardane. Enkel logikk tilseier at ein då justerer ned forventa skatt. Men nei, staten skal ha sine tre milliardar, regjeringa fordeler berre summen på litt færre!

Hemsedal kommune blir trekt 42 millionar kroner i rammetilskot, Ål kommune 121 millionar. For Hemsedal sin del sit kommunen att med ei fortenest på kraftsal på 20 øre kilowattimen viss regjeringas prognosar slår til. Ål kommune mistar to tredelar av sine inntekter frå sal av konsesjonskraft.

Og verre kan det bli. Regjeringa baserer trekket i rammetilskot på ein gjennomsnitt spotpris på 200 øre kWh i 2023. Blir prisen mindre, tapar kommunane endå meir. Regjeringa inndreg ikkje skatt frå reelle inntekter, men frå det regjeringa trur kommunane vil tene.

Regjeringa syner gjennom skattlegginga av kraftkommunane at ein ikkje forstår kva inntekter er, eller korleis ein på forståeleg vis kan innføre ein ekstraskatt. Trekket i rammetilskotet er, slik det er utført, ikkje anna enn useriøst og distriktsfiendtleg. Kommunane sit att og anar ikkje kva dei skal budsjettere med fordi dei har ei regjering som grabbar til seg inntekter kommunane ikkje ein gong veit dei vil få.

Dette liknar konfiskering. Og den som konfiskerer er staten, den aktøren som tener aller mest på dei skyhøge straumprisane. Reknestykke syner at staten tener 80 milliardar ekstra i året på straumkrisa. Berre halvparten av gigaprofitten blir betalt tilbake i form av «straumstøtte».

Les også
Aksepterer ikkje reknestykket til regjeringa: – Ein dårleg måte å behandle kommunen på
Les også
Inndreg kraftkroner: – Regjeringa har teke hardt i
Les også
Regjeringa inndreg dobbelt så mange kraftmillionar som det dei sa dei ville i haust
Les også
Hemsedal kjem endå dårlegare ut - sit att med inntekt på 20 øre pr. kilowattime
Les også
Forsvarar inndraginga: – Får uansett godt betalt for konsesjonskrafta