Organisasjonslivet som raknar
I 1982 overtok kona og eg ein gard i bygda der eg hadde vakse opp, Vats. Garden er ein gjennomsnitts fjellgard, den tid med snautt 50 mål innmark. Det å bli bonde og gardeigar med småfe var å bli med i eit organisasjonssamfunn.
Nord for garden er det ei hamnesameige med seks deleigarar. Sør for garden ligg eit vatn. Fisket i det meste av vatnet er ei sameige med rundt 15 deleigarar. Sør for vatnet ligg ei ny hamnesameige med dei fleste gardane i bygda og grannebygda. Opp frå bygdevegen i dalbotnen går ein lokalveg, med vegmøte, styre og rekneskap og vel 10 vegeigarar. Til hamna og skogteigar sør for vatnet fekk me arbeidd skogsveg. Om denne var me noko fleire. Hamnesameigene i bygda utgjer eitt hjorteviltvald, forvalta av grunneigarlaget og med i det store, kommunale viltvaldet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me var seks stølseigarar. Til stølen køyrer me først ein privat veg til ovanfor skoggrensa, så ein ny, privat fjellveg og så ein veg som tek av frå denne, altså tre veglag attåt stølslaget. Stølen ligg inntil to store, samandemte vatn, og fisket i vatna er ei sameige mellom stølane som grensar til. Skarvet sør for stølen er ei sameige eller bygdeallmenning mellom stølane inntil.
Ringane
Me laga oss avløysarring, som var med i avløysarlaget i kommunen. Me småfebønder hadde småfelag, bukkering og bekrering. Det var fjellsank, åssank og ettersank, med sankebasar og obligatorisk frammøte, og sankelag i kommunen.
På garden hadde me mykje maskinsamarbeid med grannegarden, ein felles gammaltraktor og reiskapar. Saman med to andre hadde me traktortilhengjar. To av oss og ein tredje kjøpte vedmaskin i lag. Om spreiar for husdyrgjødsel var me åtte. Tre av oss geitebønder kjøpte ein klippebukk til å setje geitene på når dei skulle klippast og klauver skjerast, og me var noko fleire med mjølkemålarar i lag. Det er utstyr for å måle mjølkemengd og ta ut prøver. Og i dei to Vats-bygdene i lag hadde me maskinring.
Samvirke
Så var det meieri med produsentlag, slakterisamvirke og faglag. I Nordbygdene hadde me den tid eige samvirkelag, og me bønder i kommunen hadde felles innkjøpslag. I bygda hadde me grendelag, som kommunen stundom og stundom ikkje brydde seg om.
Me i utkantbygda organiserte på eiga hand leikestove for ungar under skulealder, for barnehagar var ei sentrumsgreie og sentrum to mil unna. Og me samarbeidde om køyring av ungar til 4H, song, idrett og selskap.
Eg har truleg gløymt somt, men legg me saman dette, blir det meir enn 30 lag, organisasjonar og sameiger, med vekslande medlemsgrupper, dei fleste med vedtekter, årsmøte, styre, møtebok og rekneskap. Og likevel var ikkje eg med i kristeleg organisasjonsarbeid, ikkje i song og musikk og ikkje i kommunepolitikk. Men litt underleg kjendest det når forståsegpåarar utanfrå fortalde at bønder og utkantbuarar måtte lære seg å samarbeide. For me var folk med omfattande samarbeid, som kunne lage gode vedtekter, leie møte, leggje fram saker, skrive referat, føre og revidere rekneskapar, utveksle meiningar, konkludere på vegner av fellesskap og godta at fleirtalet avgjorde. Me hadde, som bygdefolk flest, høg organisasjonskompetanse.
På veg ut
Noko av dette er fortid, og meir er på veg ut. Det offentlege har teke over somme oppgåver, og store lag og organisasjonar, for heile kommunen, regionen eller fylket har kome i staden for dei mange lokale. Mange gardar er ikkje i drift, og mange gardeigarar bur utanbygds. Gardane der det framleis er aktiv drift, ligg mange stader så langt frå kvarandre at samarbeid er vanskeleg. Beitebruk og stølsdrift er det lite att av. Der det før var eit mangfald av små og halvstore fellesskap, må folk og familiar anten løyse oppgåvene sjølve, overlate til etatar og firma, eller la det skure. Me utkantfolk blir meir og meir brikker i andre sitt samfunn.