Oppskrift på å bli rik

Før var det vanleg at ein gutefant hadde som mål i livet å bli brannmann eller politi. Nå er det nye ideal som gjeld, å bli rik og dermed berømt.

I våre dagar kan du ikkje kalle deg rik om du er millionær. Har du greidd å skaffe deg eit vanleg hus og har betalt ned gjelda, er du fort god for både ein og fleire millionar. Millionærar kryr det av, så å kalle seg millionær er ikkje mykje å stå etter. Du må nok stile høgare, bli mangemillionær i det minste. Har du ti, tjue, tretti millionar, er det nok ein del som kan få lyst til å kalle deg rik.

Nei da, du er framleis berre velståande. Skal du verkeleg vera kvalifisert for tittelen rik her i velstands-Norge, må du nok opp i milliardærklassa. Korleis du skal koma dit? Det skal du straks få oppskrifta på. Aldeles gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men fyrst litt om milliardærane våre. Bladet Kapital offentleggjorde i september -22 lista over dei 400 rikaste i landet. Samla har dei ein formue på 1884 milliardar, tilsvarande 15 % av oljefondet. Kva kunne ein kjøpe for ein slik sum? Til dømes 18 milliardar kilo Gudbrandsdalsost. (Men kva skal dei nå med all den osten?) Lista syner at det løner seg å vera mann. Samanliknar ein dei 10 aller rikaste, viser det seg at den rikaste mannen sit med ein formue som er vel 14 gonger større enn formuen til den rikaste kvinna.

Utlandet

Når du har vorte så rik, flytter du til utlandet. Av dei 20 rikaste har 7 gjort det. Og 40 av desse 400 rikaste har skifta statsborgarskap. Kvifor har dei nå eigentleg flytta ut av landet, når Norge er eit skatteparadis for rikingar? Jau, fordi paradiset er enda grommare dit dei flytter.

Men så var det dette kva du gjer før du kjem så langt som desse 400. Me har alt høyrt at det lønner seg å vera mann. Er du kvinne, bør du altså vurdere kjønnsskifte.

Det aller enklaste er at du vel deg foreldre i ein rikmanns-getto og arvar så mykje at du kan kalle deg milliardær. Men det er ikkje alltid så enkelt å få til.

Det nest enklaste, og det dei fleste nyttar seg av, er å gjera folk omkring seg til sine låglønns-slavar. Det høver ekstra godt viss du handlar med slikt som alle må ha, matvarer. Tre av dei ti aller rikaste har slått seg opp på den måten. Dei begynte med to nokså tomme hender, og vart mangemilliardærar fordi me andre må betale for mykje for det me skal leva av. Men det er kanskje ikkje så lett som det var før å koma seg fram den vegen heller, når matbaronane har rotta seg saman i tre digre kjeder.

Starten

Som med alt anna kan starten vera vanskelegast. Da gjeld det om å ikkje ta det så nøye med lov og rett. Styre på slik at du skrensar med olbogen inn i fengselsmuren, men unngå å bli bura inn. Nå ja, ein korrupsjonsdømd skuletapar er kanskje eitt av dei største forbilda for den som tek mål av seg til å hamne blant formuestoppane. Ein som har grafsa til seg av fisken til folk langs kysten, og som folk bukkar og skrapar for i beundring over tolv garasjeplassar på Røkkingham Palace i Asker og trettiseks vassklosett på hytta i Oppdal.

Du må la vera å skaffe deg større til utdanning, og du må unngå å få stempelet godmenneske. Forunderleg mange nybakte milliardærar har det til felles at dei manglar både utdanning og oppseding. Båe desse manglane ser ut til å vera ein stor føremonn i jakta på dei store pengane. Har ein opplæring og oppseding, lærer ein seg å tenkje og oppføre seg som skikkeleg folk. Skal ein bli rik, må ein gjera det stikk motsette av alle andre, og ein må gjera ein del ting som veloppseda menneske avstår frå. Mange har erfaring med at rikfolk er tilbøyelege til å bera seg meir hjarterått og nådelaust åt enn dei fleste.

Folkeskikk

Du slepp å ha god folkeskikk når du har nok pengar, skal ein av ny-rikingane våre ha sagt. Og vidare seier han at den største føremonnen med å vera milliardær, er å kalle kven som helst rasshøl mens han har han i telefonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godtfolk går føre med eit godt eksempel. Rikfolk har til alle tider gått føre med eit rått eksempel. Rikfolk er vane med å kunne kjøpe seg fri for ansvar og plikter. Moral har støtt vore noko fattigfolk held seg med. Det er dei som ser for seg himmelporten. Milliardærar er forvente med å få alle portar til å opne seg med ein neve kjøpekraft. Og skulle ikkje porten opne seg, flytter dei til Sveits eller Kypros og held fram der.

Skulle det å lesa dette føre til at du ikkje lenger synest det verkar så gromt å bli milliardær, kan du trøyste deg med at det ikkje er sikkert at du vart god for ein milliard, men at du som dei fleste andre rikingar, vart dårleg for ein milliard. Og det ville jo vera synd, på både ein og fleire måtar.