Nye spelereglar

Kraftmarknaden i Europa er radikalt endra. Norge må ta vare på sine eigne interesser på anna vis, enn for tretti år sidan.

Eivind Reiten sa dette på politisk kvarter i NRK for i veke sidan. Den tidlegare energistatsråden blir rekna som fadderen til kraftsystemet som sidan i haust har gjeve oss galopperande straumprisar.

Artikkelen held fram under annonsen.

SP-mannen er ingen angrande syndar. Han minner om at systemet har tent oss vel dei siste tretti åra. Men han kan kraft, og ser at spelereglane no har endra seg så mykje at me må tenke annleis.

Opprinneleg vart ordninga med utveksling av kraft rigga for å utnytte krafta på ein effektiv måte. Norske vasskraftverk skulle justere produksjonen frå time til time, og dermed ta hand om toppar i forbruket. Tysk kjerne- og kolkraft skulle sikre mengda.

No har Tyskland avvikla kjernekrafta. Tilgangen på gass er strupt, og kolkraft er ikkje akseptabelt. Dermed blir det kraftmangel i Europa og ubalanse i utvekslinga over Nordsjøen.

Norge kan levere frå seg vasskraft til evig tid. Det kostar 11 øre pr. kilowattime å produsere denne. Me sel den til høg pris, men sjansen til å få kjøpt attende kraft til noko som liknar fornuftig pris, er null.

Den tidlegare direktøren i Hydro peiker på at mangelen på kraft fører til at landa i Europa no tek sterkare styring over energimarknaden sin. I klartekst: Dei prioriterer forsyning til eige bruk.

Slikt kan også norske politikarar gjere. Avtalen om eksport via den sokalla englandskabelen kan, til dømes, seiast opp på tolv månaders varsel.

Målet med avtalene var dessutan ein balansert eksport. Denne balansen er no heilt borte. Dermed må det, etter vårt syn, setjast begrensingar på denne handelen.

Men har tidlegare peikt på kvifor dette ikkje skjer. Det offentlege sjølv tener stort på eksporten. Nokre kroner i kraftstøtte roar forbrukarane, og presset frå næringslivet held seg, førebels, innanfor den politiske tolegrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare veit dei som tener på dagens ordning å ta vare på den politiske velviljen. Eigarane av kraftverk, og næringa som lever av kjøp og sal av kraft har mykje makt og gode tider.

Eivind Reitens ord til NRK vekte liten oppsikt. Så liten at det kan vera råd å tenke at dei som er usamde finn det mest formålstenleg å teie.

Les også
Medan me ventar på fulle kraftmagasin
Les også
Kraftdebatten som stilna
Les også
Me har sagt frå oss kontrollen over krafta
Les også
Makspris på kort og lang sikt
Les også
Kraftveteranen si åtvaring toppar lesinga på nett