Trond Giske.

Når Trond Giske «Giskar» Arbeiderpartiet

Nidaros sosialdemokratisk forum har fått 1000 nye medlemmer i løpet av fem dagar. Forumet har Trond Giske som ideologisk leiestjerne. Etableringa er tufta på leiestjerna sitt folkelege engasjement for billigare straum, og på generelt meir folkeleg tilnærming til, mellom anna, omsorgspolitikken.

Trond Giske er ingen kven som helst i Arbeiderpartiet. Hadde det ikkje vore for hans eiga adferd, ville han i dag vore ein utfordrar til posten som statsminister. Han er ein særs dugande debattant. I Stortinget oppsto det eit eige uttrykk, mynta på representantar som freista å stille han til veggs. Utfordrarane fekk svar som held mål, og vel så det. Dei vart «Giska».

Artikkelen held fram under annonsen.

Den omstridde trønderen er ein stø sosialdemokrat. Han har sterk støtte i deler av partiet. Så sterk at sentralstyret i Ap prøver seg med vedtektsendringar for å stanse framgangen og innflytelsen hans. Det moderpartiet her gjer, fylgjer ei av dei sikraste oppskriftene på å dumme seg ut. At makta endrar reglane når motstandaren blir sterk er aldri akseptabelt. Dei fleste av oss lærte det allereie då me gjekk mot vårt fyrste nederlag i Ludo.

Kampen har både ei politisk og ei valteknisk side. Det handlar om val av utsendingar til fylkes- og landsmøte i Ap. Sentralstyret vil endre reglane slik at ikkje berre medlemskap i eit lokallag, men også registrert bustad tel. Giske-fløyen meiner bustad bør telje i lokal samanheng, men væra underordna når det gjeld landsmøtet.

Framlegget om å endre reglane undervegs får rimelegvis svar. Ap-folk i fleire byar vurderer no å starte eigne sosialdemokratiske forum etter mønster frå det som er bygd rundt Trond Giske i Trondheim.

Etableringa av slike lag har fleire sider. Ei av dei er at Arbeiderpartiet får fleire medlemmer. Det er gledeleg. Alle parti bør få fleire medlemmer i lokallaga sine. Utviklinga dei siste åra har synt ein jamn tilbakegang når det gjeld interessa for politisk arbeid. Medan velstandsutviklinga har peikt oppover, har interessa for å engasjere seg i fordelingsarbeidet som politikken utgjer gått ned.

I Arbeiderpartiet sitt tilfelle er det også gledeleg at dei som ikkje er nøgd med partiet sin politikk i regjering, tek tak og gjer noko med det. Engasjementet, som Trond Giske har løyst ut, er ei utfordring for moderpartiet. Men påminningane som kjem om kor viktig det er med meiningsbryting, også innad i eit parti, er ikkje berre mat for festtaler. Det er politisk alvor.

Trond Giske driv med politisk alvor. Straumprisar og eldreomsorg er alvor i alle land. Difor melder politisk medvitne folk seg inn forumet hans. Dei trur ikkje på svevande forklaringar om at høge straumprisar nærast er knytt til ei naturlov som berre har blitt slik. Det same gjeld innan omsorgssektoren. Begge desse politiske felta har til felles at dei er styrt inn i situasjonen me ser i dag.

At nokon engasjerer seg mot dette ved å stifte eit lag innanfor det som tradisjonelt har vore landets største politiske parti er både sunt og prisverdig. At dei, trass i forhistoria, vel å fylgje Trond Giske fortel at dei veit at han har politisk kapasitet til å gjere ein forskjell. Snublefella frå sentralstyret talar sitt klare språk om at partileiinga meiner det same.

Les også
Almissene har kome for å bli