Medan me ventar på fulle kraftmagasin

Det blir ikkje fullt på mange år. Slik lydde spådommen frå ein eldre goling på forsommaren 1949. Dammen i Tisleifjorden sto ferdig, og skulle for fyrste gong fyllast opp med 11 meter vatn.

Dammen vart sjølvsagt full før vinteren. Ingeniørane hadde «rekna på det» og då vart det slik. Tisleifjorden er då heller ikkje av dei største reguleringsbassenga, og nedslagsfeltet til dammen er stort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedbør blir dessutan fanga opp så langt vestpå at det truleg vil ordne seg med vatn i fjorden på Golsfjellet også i sommar eller i haust. Dette i motsetnad til andre basseng, som ikkje er meint å bli fylt opp kvart år.

Desse er, som Strandavatn i Hol, fleirårige, og var tenkt til å lagre vatn til tider med lite nedbør. Bakgrunnen for dette var å sikre straumforsyning til samfunnsliv, og produksjon, også i tider når nedbøren svikta.

Då kraftverka her til lands vart bygd, hadde kraftselskapa også forsyningsplikt. Denne var tenkt dekt gjennom eigen produksjon, og det måtte difor til vatn i reserve.

Slik er det ikkje lenger. No er det fritt fram å selje krafta ut av landet når prisen er god. Blir det mangel på vatn, må næringslivet og forbrukarane, dei siste med hjelp frå staten, kjøpe kostbar straum utanlands.

Det offentlege på fleire nivå er stor eigar i kraftverka, og høge prisar gir god inntekt. Difor ser ein politisk stort på nokre millionar i straumstøtte for å halde misnøya hjå forbrukarane i sjakk.

Systemskiftet som ligg bak overgangen frå forsyningsplikt til kraft som nordeuropeisk spekulasjonsvare, har gått over fleire år. Det finst sikkert politikarar som angrar på at dei vart med på det, men dei ligg lågt.

Dessutan er me lova ei «løysing». Storstilt utbygging av vindkraft til havs skal få straumprisane i Norge attende på normalt nivå. Vel bles det jamt i Nordsjøen, men ei plankeløysing som gir billig kraft, er det ikkje.

Jamn magasinfylling og fornuftig stabil kraftpris innanlands får me ikkje før den dagen Stortinget vil styre den norske krafta. Eit slikt ynskje kolliderer både med EØS-forpliktelsar, og med ein kraftlobby som applauderer dagens ordning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessutan er det ikkje til legge skjul på at også det å lagre ein større reserve med vatn for å sikre ein fornuftig straumpris innanlands, har ein kostnad. Det er eit argument som blir nytta flittig for å stagge kritikken av nyordninga.

Det er difor all grunn til å vente låg vasstand i lang tid framover. Kraftselskapa vil sjølvsagt halde seg innanfor vilkåra for drifta av vassdraga. Når me ser dei nakne strendene må me berre ha i mente, at den gongen vilkåra vart sett, var det ingen som drøymde om anna enn at bassenga var til for å fyllast.