– Eg har aldri sett noko liknande, og kjem aldri til å sjå det igjen, sa Håkon Myro. Denne kalven fall død om då han nyleg gjekk skitur på Veståsen i Ål.

Med enkle grep kunne me hjelpt desse dyra

For nokre dagar sidan fekk Håkon Myro ei heilt spesiell oppleving. Han var ute på ski då han fekk sjå ein elgkalv kome gåande ut i løypa. Der segna den om - og døydde. Den var rett og slett utmatta.

Me kan godt juble over mykje snø, pudderparadis og gode skiløyper, men viltet har ei trasig tid no. Elgen, rådyra og hjorten strever med å finne mat og vatn. Dei enorme mengdene laussnø gjer det vanskeleg å ta seg fram. Dei søker seg ned i dalbotnen, for å kome til elv og beite. Om morgonen kan ein sjå spora etter dei, det er vondt å sjå kor mykje dei har bala i løpet av natta med å ta seg fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svært mange av dei vil ikkje overleve vinteren. Særleg ikkje kalvane. Små rådyrkillingar har lite og ingenting å stille opp med i djupsnøen. Mange har alt bukka under, som elgkalven Myro møtte. Og enno er me berre kome til midten av januar - det er mykje vinter, kulde og snø att.

Viltet trekker nedover dalsidene no. Ned mot elva og jorda i botnen. Dessverre betyr det også ned mot veg og jernbane. Den siste tida har det vore mange påkøyrsler, og det vil kome fleire. Ser du godt etter når du er ute og køyrer i skumringa, vil du sjå hjortevilt ute på jorda. Ofte vil dei måtte krysse vegen for å kome seg til vatnet eller maten, og då kan det fort smelle. Det er sett opp ekstra varsling fleire stader i dalen, for å åtvare om faren for viltpåkøyrsel. Likevel blir både elg og rådyr fort offer for uheldige sjåførar.

Om du er av dei som køyrer på dyr og ikkje varslar frå: Skam deg. Det er dessverre dei som er kyniske nok til å berre køyre vidare etter å ha hatt eit uhell. Det er dyreplageri og heilt forkasteleg oppførsel.

Snøen og vêret får me ikkje gjort noko med, men med heilt enkle grep kunne me redusert dei trafikkfarlege situasjonane og samtidig hjelpt viltet med å overleve vinteren. For nokre år tilbake var det vanleg å ha fôringsplassar for å halde dyra i høgda og lette jakta deira på mat. Men etter at skrantesjuka vart oppdaga i 2016, innførte Mattilsynet fôringsforbod for hjortevilt i Norge. Formålet er å hindre spreiing av CWD.

Ifølgje hjorteviltportalen er det tatt nesten 162.000 CWD-prøver sidan 2016. Det er gjort 35 positive funn. Av desse dreier 13 seg om elg eller hjort. Men: Dette er ikkje same variant av CWD som på villrein, og det finst ingen indikasjonar på at typen som er funne på elg og hjort kan smitte mellom individ. Likevel er det altså ikkje lov å ha fôringsplassar, og hjelpe dei enormt mange hjortedyra gjennom vinteren. Det er ikkje lov å gjere tiltak for å unngå at dyra trekker ned mot trafikkerte vegar.

Det er rett og slett vanskeleg å forstå at eit føre var-grep mot skrantesjuke skal vege tyngre enn å berge liv og helse på både dyr og trafikantar. Å la vere å hjelpe ville dyr gjennom ein trasig vinter burde også vere viktig og nødvendig dyrevelferd.