Me treng fotoboksane

Alle har ansvar i trafikken. Ansvaret går i rett line frå dei som styrer landet på Stortinget, til den enkelte vegfarande. Det er eit godt utgangspunkt for trygg trafikk. Dersom alle tek sin del av ansvaret, vil det vera råd å nå den vedtekne visjonen om null trafikkulykker.

Så perfekte er ikkje me menneske. Det er ikkje nok å minne om ansvaret. Tvert i mot. Me treng all hjelp me kan få for å gjere ferdsla sikrare. Betre vegar, betre køyretøy, betre ferdigheiter og eit regelverk som er optimalisert ut ifrå målet om at alle skal koma seg trygt heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotoboksane er eitt av desse hjelpemidla. I Hallingdal vart 29 bilførarar i fjor melde for å ha passert ein av dei fem fotoboksane mellom Bromma og Ål, i for høg fart. Ni bilførarar fekk førarkortet beslaglagt. Det vart skrive ut over 3,3 millionar kroner i bøter. Noko som er ein million meir enn året før. Til saman vart over to millionar bilar kontrollerte.

Det er verd å merke seg det siste talet. Mange er merksame på kvar fotoboksane står, og set ned farten der og då. Men enno fleire veit at det er fotoboksar langs vegen, og set ned farten over heile strekninga. Det er no ein gong ergerleg å måtte betale, eller miste førarkortet, av di ein gløymer seg bort.

Men enno viktigare er det å ha i tankane at fotoboksane er plassert på stader med stor ulykkesrisiko. Utfallet av ulykker er dessutan sterkt knytt til fart. Difor er det viktig å få ned farten på strekningane, som er peika ut til fotoovervaking.

Hallingdal hadde i fjor tre dødsulykker i fjor, begge i Ål. Ein motorsyklist omkom på Rv7 ved Torpo, ei dame mista livet ved Austvoll i Flå og ein person omkom i ei ATV-ulykke i Ål. Men det var også 25 ulykker med personskade, og 42 personar vart skadde i desse ulykkene.

Målet med trafikksikkerheitsarbeidet er å unngå alle desse ulykkene. Då seier det seg sjølv at eit tiltak som disiplinerer oss som er ute på vegen, er velkoment. Me har ansvar for å opptre sikkert. Då bør me også ha forstand til å ta i mot påminninga om trafikkdisiplin som fotoboksane utgjer.

Les også
Fotoboksar sopar inn millionar: I denne boksen blir flest fartssyndarar tatt
Les også
Urovekkande statistikk etter ein blodig vår